Herold

Fekk surdeig i posten: – Eg las meg opp i fire månadar før eg våga å byrja

Plus
Kilde: Hordaland Author: Åshild Sorteberglien Ljones Published: 2026-05-03 22:05:00
Fekk surdeig i posten: – Eg las meg opp i fire månadar før eg våga å byrja

Kjerstin Tangvik (64) gjorde alvor av surdeigen i Granvin, og no er etterspurnaden stor.

– På haustmarknaden i Trudvang vart eg utseld på litt over ein time, fortel hobbybakaren Kjerstin Tangvik frå Arna.

Under koronapandemien blomstra surdeigsbakinga opp, og trenden har halde fram.

– Det er mange som vil ha surdeigsbakst. Det er veldig næringsrikt, bra for tarmfloraen, blodsukkeret og gir betre mettheitskjensle. Folk har verkeleg fått augo opp for surdeig, seier Kjerstin ivrig.

Surdeig i posten

– Det tok lang tid før eg byrja baka. Eg las meg opp i fire månadar, før eg våga å byrja, fortel Kjerstin.

– Kvifor det?

– Det verka så avansert. Ikkje som eit vanleg brød, forklarar ho.

Det heile starta for tre år sidan, då Kjerstin kom over ei surdeig-gruppe på Facebook.

Surdeigsbakst

– Eg fekk den fyrste surdeig-startaren i posten. Den vart sendt frå ei i gruppa, fortel Kjerstin.

Smak av høgt nivå

Kanskje var det den lange perioden med researchsom lønte seg, eller så var kanskje Kjerstin eit naturtalent?

– Det gjekk veldig bra på fyrste forsøk, og då gav det meirsmak. Eg fekk gneisten over meg, og byrja å gi til venner og familie. Og tilbakemeldingane var så gode. Det var så kjekt, fortel ho.

Ho hugsar framleis fyrste gong ho smaka ei skive surdeigsbrød.

– Sprø skorpe, mjukt inni. Nokon seier dei må venja seg til smaken, men det måtte ikkje eg, smiler Kjerstin.

Det var kjærleik ved fyrste bit.

Ryktet om dei gode surdeigsbrøda spreidde seg raskt i Granvin.

– Nokon tilbakemeldingar som stikk seg ut?

– Det er ei som kjøper fast kvar fredag. Ho er heilt utruleg. Ho sa til meg at baksten min er heilt nydeleg, at dei smakar av høgt nivå og slår alt anna ho har smakt. Slikt set ein stor pris på, seier Kjerstin varmt.

– Folk kom og spurde meg om å få kjøpa, og då balla det på seg, seier ho.

– Korleis får ein tak i dei berømte brøda?

– Eg legg ut på gruppa «Gravensar» på Facebook, Instagram og så finn du meg på marknadar rundt omkring. Utover det har eg nokon faste avtalar med fleire kundar.

Bestilling på 100 brød

– Har du planar om å gjera karriere av hobbyen?

– Ikkje akkurat no, men fleire av vennene mine pushar meg, så kanskje ein dag, seier Kjerstin, og legg til:

– Men fyrst må eg ha ein større omn. Det går for treigt med berre eitt og eitt brød om gongen. Eg drøymer om å få ein omn med plass til ti brød, seier ho.

– Kva er den største bestillinga du har fått til no?

– Det er til Yppal i Ulvik. Dei vil ha 100 brød, og har berre fått baka 50 til no, fortel Kjerstin.

Surdeigsbakst2

Å elska prosessen

Kjerstin er kreativ og likar å eksperimentera med baksten. I dag testar ho ut ei ny oppskrift.

– Bagettar med soltørka tomatar, ost og oregano. Trur det kan bli veldig godt til suppa eller salat, tenkjer ho høgt.

– Kva er det du likar med surdeigsbakst?

– Prosessen, svarar Kjerstin fort.

– Det er en lang og tidkrevende prosess. Du må passa på at temperaturen er riktig, at den ikkje hevar for mykje eller for lite, det er mykje som kan gå galt. Det likar eg, seier ho.

– Har du eit godt råd til ein nybyrjar?

– Tolmod, rett og slett. Og hald surdeigen i live, ler ho.

🏷️ Extracted Entities (9)

Kjerstin Tangvik (person) Facebook (entity) Granvin (entity) Arna (entity) Gravensar (entity) Instagram (entity) Trudvang (entity) Ulvik (place) Yppal (entity)