Sprudlar av optimisme for badet og trur på tidleg oppstart
Plus
Kinn kommune kan ikkje legge pengar på bordet før tidlegast 2030. Men styret i Nordfjordbadet meiner mykje kan vere gjort innan den tid.
Etter årevis med debatt og ulike forslag har Kinn kommunestyre landa på ei avgjerd: Nordfjordbadet skal byggast i Måløy sentrum. Prosjektet, som har vore ein «våt draum» sidan 2013, får no grønt lys og går inn i ein avgjerande fase der styret treng fem millionar kroner for å profesjonalisere arbeidet.
Mange om beinet: Andre badeforslag
Trass i at kommunestyret no har landa på Måløy-alternativet, har debatten om badeanlegg vore prega av fleire forslag. Det har skapt frustrasjon blant pådrivarane for Nordfjordbadet at kommunestyret så seint som i mars måtte vurdere to alternativ til bad i Nord-Kinn.
– Vi har stått litt i elden her, men det ført til ei positiv samling og at vi har fått ut ein del informasjon, seier styreleiar i Nordfjordbadet Martin Hagen.
Han fortel dei i vinter har fått svart ut viktige spørsmål og ikkje minst tatt store steg i utviklinga av anlegget saman med eit av dei leiande miljøa på badeanlegg i landet.
– Dei to alternativa som vart vurdert er to vidt forskjellige ting, difor har det vore ein litt krevande debatt, men eg er stolt over korleis styret har stått i stormen. No er vi utolmodige på å komme vidare, kjem det frå Hagen.
Dei som er engasjerte i Raudeberg, nord om Skåra, har argumentert for å byggje berre eitt enkelt basseng og meiner sjølve at dei kan gjere dette raskt. Målet for begge alternativa er å sikre at skuleelevane slepp å reise med buss til Åheim for svømmeundervisning. Dette prosjektet har utfordra Nordfjordbadet-planane direkte, og har nok mobilisert styret i Nordfjordbadet ytterlegare.
Også på andre sida av brua har utolmodigheita vore stor. Skavøypoll idrettslag har lufta eit tredje alternativ: eit basseng samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, Nordfjordhallen og kulturhuset på Tennebø. Dei meiner ti års ventetid på eit nytt badeanlegg er for lenge.
– Betre å bruke 25 millionar i ein svømmehall, enn under ein
Målet er eit folkebad som skal gje eit samfunnsløft for regionen, sikre lovpålagt symjeundervisning og styrke Måløy som reisemål. Dette lar seg gjere då næringslivet er tungt inne, men skal dei lykkast må alle gode krefter i kommunen trekke i same retning.
– Kommunedirektøren har sagt at kommunen ikkje kan gå inn i prosjektet med midlar før i 2030, og han trur det er mogeleg å få til. Då må vi legge opp eit finansieringsløp der vi får inn den kommunale andelen i den siste fasen, seier styreleiaren i Nordfjordbadet.
Meir enn symjing: Folkehelse og byutvikling
Og no har politikarane i Kinn kommunestyret gitt grønt lys for at det er Nordfjordbadet i Måløy sentrum dei går for.
Slik blir Nordfjordbadet
Med kommunestyret si avgjerd om Nordfjordbadet i Måløy sentrum, er entusiasmen stor. Vi møter to av dei nye styremedlemmene i Nordfjordbadet, Birte Sandal Rikstad og Isak Kvalheim frå Måløy Idrettslag. Vi møter dei på fyllinga i sentrum som staden der det som skal bli eit signalbygg for den einaste byen i Nordfjord skal byggast.
– Vi har faktisk ei kvilande svømmegruppe i idrettslaget, seier Kvalheim og smiler. Han meiner eit basseng i Måløy vil opne nye moglegheiter for det 116 år gamle allidrettslaget. Med fleire registrerte triatlon-utøvarar i laget, er det eit klart ønske om å legge til rette for svømmetrening.
Birte Sandal Rikstad, folkehelsekoordinator i Kinn kommune, understrekar kor viktig eit badeanlegg vil vere for folkehelsa i regionen. Ho viser til at både svømmetrening og rekreasjon i basseng gir dokumenterte fysiske og psykiske helsegevinstar.
– Det vil unekteleg vere viktig for folk som bur her å ha tilgang til eit basseng, seier ho. Svømming er ein allsidig form for trening og ein aktivitet som kan vere viktig for dei som er skadeplaga. Bassengtrening er viktig for førebygging, behandling og rehabilitering for eldre og kronikarar.
Begge understrekar korleis Nordfjordbadet vil styrke Måløy som både bustad og reisemål. Dei meiner badet i seg sjølv vil auke trivsel og kvalitetar ved byen og regionen, men også at sentrumsplasseringa vil utvikle området, forbetre bykvalitetane og utløyse andre prosjekt.
– Det er stor entusiasme i styret for det vi no jobbar med, seier dei.
Samfunnsløftet: Frå svømmeopplæring til arbeidsplassar
Nordfjordbadet har vore ein «våt draum» i regionen sidan 2013, og prosjektet er tenkt å vere langt meir enn berre eit svømmebasseng for Måløy. Eit folkebad vil ha betydelege samfunnseffektar og er avgjerande for fleire sentrale område:
Det første er å sikre at elevar får svømmeundervisninga dei har krav på. I dag blir elevar bussa ut av kommunen i Åheim, noko som rundt rekna kostar ein million kroner i året.
Næringslivet i Måløy er sterkt involvert, då dei ser Nordfjordbadet som eit tiltak som kan både halde på og tiltrekke seg nødvendig arbeidskraft.
Nordfjordadet har allereie sikra seg solid ekstern finansiering frå næringslivet, i tillegg kjem spelemidlar og momsrefusjon. Styret er utolmodige og åtvarar om at kommunen risikerer å tape mogelege eksterne inntekter dersom det no går for lang tid før det blir realisert. Dei er klare for å samarbeide godt får å jobbe fram gode løysingar alle kan stille seg bak. I tillegg har fleire rammevilkår endra seg positivt for prosjektet og Måløy som besøksstad.
Cruise og familiar: Badet som trekkplaster
Ein rapport frå PWC, utarbeidd for Kinn kommune i 2022 og presentert i 2023, skildra kva Nordfjordbadet ville bety for lokale brukarar. Frank Willy Djuvik i Måløy Adventure meiner likevel at rapporten ikkje i tilstrekkeleg grad har fanga opp potensialet for reiselivsnæringa.
– Cruisenæringa for Måløy i 2023 og 2026 er to vidt forskjellige ting, påpeikar Djuvik
Difor har Måløy Adventure skrive brev til Nordfjordbadet AS der dei har argumentert sterkt for at Nordfjordbadet har eit større reiselivspotensial enn kva som er blitt tatt høgde for i prosjektet.
– Vi jobbar med aktivitetspakkar både for cruiseturistar, men også andre tilreisande. Å ha eit badeanlegg å kunne trekke vekslar på ville hatt svært stor betydning for oss, peikar han på.
Han kallar næringa han jobbar for besøksnæringa, då den handlar om langt meir enn berre turistar som kjem til Måløy med cruiseskip.
– Det er summen av besøkande som betyr noko for oss, seier han.
Nordfjordbadet og reiseliv
Djuvik trur badelandet vil vere særleg viktig for tilreisande familiar, inkludert dei som kuttar sydenferien på grunn av dyrtid eller vel bort lange båtturar grunna høge drivstoffprisar.
– Bading er heilt sentralt for familiar. Sjølv om vi har fantastiske strender som Refvik, Halsør og Sætra-sanden, er det gull å kunne tilby eit badeland når vêret ikkje er det beste. Dessutan trur han cruisefamiliar i Måløy vil føretrekke eit innandørs bad framfor å bade ute på dekk i 12–13 grader og vind. Djuvik meiner PWC-rapporten undervurderer det store potensialet for besøksnæringa og betydninga badet vil ha for utviklinga av Måløy sentrum.
– Vi skreddarsyr turar og aktivitetspakkar, som elsykling til startpunkt for fotturar eller kajakkturar. Moglegheita til å kople slike aktivitetar mot eit sentrumsnært bad er avgjerande for å styrke Måløy som reisemål. Vi ser på anlegget som ein nøkkelattraksjon for å løfte Måløy som heilårsdestinasjon, poengterer Djuvik.
– Vi treng pengar for å hente pengar
Styreleiar Martin Hagen fortel at prosjektet no går inn i ein ny og avgjerande fase: profesjonalisering.
– De har sagt at de treng fem millionar kroner for å komme opp i fart. Kan du fortelje oss kva planen er vidare?
– Dette er ein heilt avgjerande fase. For å realisere eit badeanlegg må vi ha midlar til å gjere jobben skikkeleg. Det inkluderer vidare prosjektering, finansieringsløp, drift, tekniske løysingar og alle detaljar som må på plass for å få eit solid prosjekt fram.
Som Hagen påpeikar:
– Eg trur alle forstår at eg ikkje kan detaljprosjektere eit badeanlegg aleine i lag med styret, på fritida.
Det er nyttelaust å skrive detaljerte Enova-søknader, vurdere avanserte tekniske løysingar og sy saman eit finansieringsløp utan erfaren fagkompetanse. Prosjektet krev no profesjonalisering.
– Vi må bruke fagfolk som har gjort dette før. No har politikarane sendt oss i rett retning, og det betyr at vi kan samle laget og gi gass, seier han.
Erfaringar frå etableringa av Havhesten i Florø vil vere nyttig kompetanse i arbeidet med Nordfjordbadet framover.
– Alt burde ligge til rette for å lage eit solid og godt grunnlag i samarbeid med næringslivet, kommunen, det politiske miljøet, frivillige lag og organisasjonar og lokalsamfunnet elles.
Slik kan Nordfjordbadet bli
– Kven ser du føre deg skal betale dei fem millionane som må til for å få prosjektet opp i fart?
– Først er det viktig å seie at denne første delen ikkje kjem på toppen. Han er ein del av totalbudsjettet og er kalkulert inn der. Det vi håpar no, er å finne ei løysing der næringslivet kan gå litt føre og vere med å sette fart på denne fasen, no når vi har den politiske støtta bak oss, forklarer Hagen.
Med den politiske støtta i ryggen skal styret no levere eit solid prosjekt på vegner av prosjekteigar Kinn kommune og næringslivet. For å lykkast med samfunnsløftet og den lovpålagde symjeundervisninga, og for å få eit prosjekt alle aktørar kan stille seg bak, er ressursar til profesjonell utvikling avgjerande.
– Det handlar om å bruke pengar på rett plass til rett tid. Om ein har folk som har skrive tjue søknader om støtteordningar, Enova og andre finansieringsløp før, så er sjansen naturlegvis mykje større for å lukkast enn om eg eller andre i styret skal prøve å gjere alt sjølve på fritida. Denne fasen er viktig å finansiere nettopp fordi ho gjer oss i stand til å bygge eit solid prosjektgrunnlag, redusere risikoen og auke sjansen for å få inn meir ekstern kapital vidare, avsluttar han.
Raudeberg kjempar vidare: Skule stenger, badeanlegg blir avvist – men bygdefolket nektar å knele Kommunestyret går for Nordfjordbadet Nordfjordbadet i Måløy får kommunal garanti – kva med Storhallen i Florø?