Herold

Håkvik i Narvik skal få to asylmottak: – Vi har ikkje råd til å ta vare på dei som allereie bur her

Kilde: NRK Author: Kai Jæger Kristoffersen Published: 2026-05-03 16:12:51
Bygd med 700 menneske får 300 nye innbyggjarar over natta

Den vesle bygda Håkvik skal ta imot halvparten av eige innbyggartal i asylsøkarar om få veker. Det fell ikkje i god jord hos innbyggjarar som kjenner seg urettferdig behandla.

I midten av april kom nyheita om at Noreg skal ruste seg til å ta imot 3600 asylsøkarar i første halvdel av 2026.

To asylmottak med kapasitet på 150 personar kvar skal i drift i bygda Håkvik, i Narvik kommune.

Tettstaden med 700 innbyggarar har ikkje butikk, og folk må køyre inn til Narvik sentrum for å nytte kommunale tilbod.

No aukar innbyggartalet i bygda betrakteleg – med 300 asylsøkarar.

Det fell heller ikkje i god jord hos Bjørn-Terje Tennås, som bur i bygda.

MARKANT AUKE: Håkvik ligg rundt 15 minutt unna Narvik sentrum med bil. No kan innbyggartalet gå frå 700 til 1000.

– Det blir ikkje tatt spesielt godt imot. Det er snakk om mange folk som skal inn i ei lita bygd som ligg usentralt til, med lang veg til både butikk og alt som måtte vere, seier han og held fram:

– Kommunen har kutta i skule, eldreomsorg, og barnehagar. Vi har ikkje råd til å ta vare på dei som allereie bur her og betalar skatt, så det blir feil å ta imot så mange asylsøkarar.

22 andre mottak er også planlagde i kommunar over heile landet, mange av dei i små kommunar som slit økonomisk.

NRK har tidlegare fortalt at avgjerda møter kritikk fleire stader i Nord-Noreg, og fleire kommunar seier at dei ikkje har kapasitet til å ta imot asylsøkarane.

Skulda for rasisme

Ifølge Tennås har kommentarfelta i sosiale medium gått varme den siste tida. Men han avviser at motstanden mot asylsøkarar handlar om rasisme.

– Det er dei som påstår at dersom ein snakkar negativt om dette, så er ein rasist. Men det stemmer ikkje.

– Dette er ei bygd som har dører på vidt gap og ungar spring frå hus til hus. Det er eit veldig godt samhald, og det blir ein kulturkrasj, same kva slags nasjonalitet dei som kjem hit måtte ha.

No skal skulen i bygda som allereie er trua med nedlegging, og som har tatt imot elevar frå ein annan nedlagd skule i Skjomen, ta imot endå fleire.

– Når du er ute og flyg seier dei at du skal sette på di eiga maske før du hjelper andre, og eg trur vi kan seie det same om denne situasjonen òg.

Sambygdingen Marthe Karlsen Bolle seier seg samd med Tennås om at det no er mykje uro og misnøye i bygda.

– Håkvik er ei trygg og velfungerande bygd. Folk har vagt å bu her nettopp fordi det er roleg, oversiktleg og godt å veksa opp her. Den tryggleiken skal ikkje setjast på spel av dårleg planlagde vedtak, seier ho og legg til:

Marthe Karlsen Bolle

– Det er mogleg å vera solidarisk og kritisk. Å seia nei til asylmottak i Håkvik er ikkje å seia nei til menneske i nød. Det er å seia ja til ansvarskjensle, realistisk planlegging og ta vare på lokalsamfunnet vårt.

Meiner UDI køyrer over kommunen

Ordføraren i Narvik er heller ikkje fornøgd.

– Å tre sånne avgjerder over hovudet på kommunane, er ikkje bra, seier Narvik-ordførar Rune Edvardsen (Ap).

Ordføraren seier at dei gjerne hjelper til med å huse asylsøkarar, men at berekningane til kommunen viser at kommunen kan ta imot inntil 150 asylsøkarar i år.

– UDI var med på møtet der vi vedtok dette, men likevel pålegg dei oss å ta imot 300. Eg synest det er rart at dei køyrer over oss på denne måten, seier Edvardsen.

Sjølv om private selskap driftar asylmottaka og staten gir vertskommunetilskot, er det kommunane som har ansvaret for lovpålagde tenester som skule og helsehjelp.

Vil bli best i landet på asyl

SV har eit anna syn på saka. Dei håpar kommunen kan bli best i landet på asylmottak og lanserer «Håkvik-modellen».

Håkvik-modellen skal vera ein modell der kommunen tek eit større leiaransvar med ein koordinator, som skal vera mellomledd mellom kommune, mottak, innbyggjarar og det frivillige.

– Det er vårt initiativ for å få Narvik kommune til å ta ei viktig leiarrolle når vi no skal vere vertskap for to asylmottak, seier gruppeleiar i Narvik SV, Ragne Johnsen Megård.

Ho er klar over at ikkje alle i Håkvik er like optimistiske.

– Akkurat no rår det mykje frykt og kaos i debattinnlegg og kommentarfelt. Det er UDI som vedtar kvar vi skal ha asylmottak i Noreg, ikkje lokalpolitikarar.

– Vi må heller ikkje blanda økonomien i UDI med ein katastrofal kommuneøkonomi. Vi skal sørgja for at pengane vi får blir brukte på ein klok og rett måte, og kommuneøkonomien forresten kjempar me på kvar dag for å styrkja og forbetra, påpeikar Johnsen Megård.

Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør for mottak og retur i UDI, fortel at dei gjer så godt dei kan for å sikre både asylsøkarane og kommunane som tar dei imot på best mogleg måte.

Etableringen av asylmottak i Lødingen og i Narvik ble tema under Stortingets spørretime 29.april.

Her kjem dei nye mottaka

Region nord:

  • Corvita Care, 150 plassar i Fauske.
  • Corvita Care, 150 plassar i Narvik.
  • Corvita Care, 150 plassar i Senja.
  • Hero Norge, 150 plassar i Lødingen.
  • Hero Norge, 150 plassar i Narvik.
  • Hero Norge, 150 plassar i Tjeldsund.

Region midt:

  • Sana Velverd, 150 plassar i Heim.
  • Hero Norge, 150 plassar i Meråker.
  • Hero Norge, 150 plassar i Sunndal.

Region sør:

  • Tokla, 150 plassar i Evje og Hornnes.
  • Sana Velverd, 150 plassar i Skien.
  • Ostra Consult, 150 plassar i Holmestrand.
  • MD Solutions, 300 plassar i Farsund.
  • Corvita Care, 150 plassar i Tønsberg.
  • Babando Oy, 150 plassar i Porsgrunn.

Region øst:

  • Roomtorent, 150 plassar i Moss.
  • Ostra Consult, 150 plassar i Sel.
  • MD Solutions, 150 plassar i Asker.
  • Link, 150 plassar i Ål.
  • Link, 150 plassar i Søndre Land.
  • Link, 150 plassar i Nord-Fron.
  • Corvita Care, 150 plassar i Gjerdrum.

Region vest:

  • Lilandtunet, 150 plassar i Voss.

Stortingspolitikar: – Må ta kommunane på alvor

Stortingspolitikar Bent-Joacim Bentzen (Sp) forstår frustrasjonen blant politikarane og meiner UDI er nøydde til å ta kommunane på alvor.

– Når dette overformynderiet skjer, så må me sjå på kva fullmakter UDI har. For det kan ikkje vera sånn at staten skal trø det ned over hovudet på kommunane på denne måten, då må me sjå på kva slags føringar UDI har, seier Bentzen.

I eit svar frå Justis- og beredskapsdepartement skriv rådgivar Raheela Chaudhry at departementet har delegert det operative ansvaret for asylmottak til UDI, som styrer anbodsprosessar og kontraktar med driftsoperatørar.

For å sikra ei balansert fordeling over heile landet, er UDI pålagt å samarbeida tett med kommunane og KS før ei eventuell etablering. Ein sentral del av vurderinga er om vertskommunen har tilstrekkeleg kapasitet i tenestetilboda sine til å handtera belastninga eit mottak medfører.

Du kan lesa svara til departementet her:

Svar fra Justis- og beredskapsdepartementet:

NRK har sendt flere spørsmål til departmentet ut i fra kritikken rettet i flere av sakene om asylmottak.

Spørsmål: Er det riktig (er dere enige i) at UDI skal kunne overprøve kommunenes ønsker i slike saker, når asylsøkerne skal innkvarteres?

Svar: Justis- og beredskapsdepartementet har delegert det operative ansvaret for drift av asylmottak til Utlendingsdirektoratet (UDI). Dette innebærer blant annet at UDI skal lyse ut anbud og inngå kontrakter med driftsoperatører for asylmottak. Departementet har gitt UDI flere føringer for gjennomføring av anskaffelser av mottak. Det gjelder for eksempel at UDI skal etablere mottak over hele landet, slik at belastningen ikke blir for stor på enkeltområder. Departementet har også gitt føringer til UDI om samhandling med kommune-Norge ved etablering av mottak, blant annet gjennom forventning om samarbeid med Kommunesektorens organisasjon (KS). UDI skal som et ledd i dette, ha dialog med potensielle og eksisterende vertskommuner for asylmottak i forkant av en eventuell asylmottaksetablering. Departementet stiller også krav til at UDI, innenfor rammene av anskaffelsesregelverket, skal sørge for at særlige utfordringer i kapasiteten i vertskommunens tjenestetilbud inngår i vurderingen av hvor et asylmottak skal lokaliseres.

Spørsmål: Hva bør kommunene som opplever å få asylmottak som strider mot deres egne ønsker gjøre?

Svar: Departementet har forståelse for at dette oppleves krevende for en del kommuner med en presset økonomi.

Spørsmål: Både i Narvik og i Lødingen mener ordførerne at vertskommunetilskuddet kommunene får ikke dekker de reelle utgiftene. Dette blir fastsatt av Stortinget, men vil regjeringen vurdere om tilskuddet er for lavt?

Svar: Det har blitt, og vil bli gjennomført kartlegging av kommunenes utgifter knyttet til det å være vertskommune for asylmottak. På bakgrunn av resultatet vil departementet vurdere innretning og størrelse på dette tilskuddet.

🏷️ Extracted Entities (56)

Corvita Care (person) Hero Norge (person) Meiner UDI (organization) Narvik SV (organization) Håkvik (place) Asylmottak i Nordland 📁 (category) Lødingen (entity) Nordland 📁 (category) Norge 📁 (category) Norsk asyl- og innvandringspolitikk 📁 (category) UDI 📁 (category) Justis (entity) KS (entity) MD Solutions (organization) Noreg (entity) Ostra Consult (person) Ragne Johnsen Megård (person) Sambygdingen Marthe Karlsen Bolle (person) Sana Velverd (person) Stortinget (entity) Tennås (place) Asker (entity) Babando Oy (person) Bentzen (entity) Bjørn-Terje Tennå (organization) Departementet (entity) Edvardsen (entity) Evje (entity) Farsund (place) Fauske (entity) Gjerdrum (entity) Heidi Bottolfs (person) Heim (place) Holmestrand (place) Hornnes (place) Håkvik\-modellen (entity) Kommunesektorens (entity) Meråker (entity) Moss (place) Narvik-ordførar Rune Edvardsen Ap (organization) Nord-Fron (entity) Nord-Noreg (entity) Porsgrunn (place) Raheela Chaudhry (person) Sel (entity) Senja (entity) Skien (entity) Skjomen (entity) Stortingspolitikar Bent-Joacim Bentzen Sp (organization) Sunndal (place) Søndre Land (person) Tjeldsund (place) Tønsberg (place) Utlendingsdirektoratet UDI (organization) Voss (entity) Ål (entity)

📊 Metadata

Category: Nordland, Asylmottak i Nordland, Norsk asyl- og innvandringspolitikk, Norge, UDI
OpenGraph Title: Håkvik i Narvik skal få to asylmottak: – Vi har ikkje råd til å ta vare på dei som allereie bur her
Twitter Title: Håkvik i Narvik skal få to asylmottak: – Vi har ikkje råd til å ta vare på dei som allereie bur her