Veg var stengt på grunn av ulykke i tunnel
Plus
Lysevegen, Fylkesveg 4224, er stengt i begge retningar på grunn av ei trafikkulykke i Lysetunnelen, melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 14.11 sundag.
Kart med ID 533468
Det blir påberekna at vegen blir stengt i eit par timar på grunn av ulykka. Lysevegen til Lysebotn blei opna igjen etter vinteren fredag 1. mai.
Sør-Vest politidistrikt melder klokka 14.20 at det er ein motorsykkel som har kjørt inn i ein fjellvegg på Lysevegen.
– Naudetatane er på veg til staden, fortel operasjonsleiar Dag Steinkopf.
Klokka 15.15 melder politiet at motorsyklisten er henta av luftambulansen, og at vedkomande ikkje står fram som alvorleg skada.
Lysevegen er nå open igjen.
🏷️ Extracted Entities (7)
Dag Steinkopf
(person)
Fylkesveg
(entity)
ID
(entity)
Lysebotn
(entity)
Lysetunnelen
(entity)
Lysevegen
(entity)
Vegtrafikksentralen Vest
(organization)