Wenny frå Florø har overteke viktig fylkesverv
Plus
Når NHO overtek leiarvervet i Yrkesopplæringsnemnda Vestland, er det Wenny Irene Hansen frå Florø som rykker inn dei to neste åra.
To av tre treng fagarbeidarar
Må starte tidlegare
Ny opplæringslov
Dei to siste åra er det Atle Rasmussen frå LO som har hatt vervet. No byter han plass med Hansen og tek over nestleiarrolla. Hansen har hatt ansvar for kompetanse og Yrkesopplæringsnemnda i NHO Vestland sidan 2023.
Hansen har vore i NHO sidan januar 2019 og har mellom anna hatt ansvar for kompetanse og Yrkesopplæringsnemnda. Nemnda er oppnemnd med partane i arbeidslivet og skal gi råd til fylket og fylkespolitikarane kring alt som har med yrkesfagleg opplæring å gjere. Til dagleg sit ho på kontoret hos Byx, men reiser ofte til Bergen.
– For oss er det arbeidslivet sine behov som er viktige, seier NHO-rådgjevaren.
– Sist Firdaposten intervjua deg, nemleg i 2019, viste Næringslivsbarometeret at seks av ti bedrifter hadde behov for fagarbeidarar. Korleis ser dette bildet ut no?
*– No gjeld dette to av tre bedrifter. Fagarbeidarar og folk med fagkompetanse er det eit skrikande behov for – ein kan nesten snakke om ei yrkesfagleg krise, seier Hansen. *
Men det er mogleg å skimte lys i enden av tunnelen – for skuleåret 2025–2026 var det på landsbasis 54 prosent som søkte ei yrkesfagleg utdanning. For Vestland var talet heile 61 prosent – fleire enn nokon gong før.
Camilla gjekk til læraryrket og inspirerer jenter i yrkesval
– Det ser vi som positivt. Men det også mange som vel påbygg etter to år, og vi skulle helst ønskje at dei tek fagbrev.
– Er bedriftene flinke å tilby lærlingplassar i Vestland?
– Det er dei stort sett, vil eg seie. Og det er også tilfelle der ein ikkje får nok lærlingar. Men det er klart det er variasjonar i fylket. Ein ønskjer at folk tek i mot lærlingar, for det er ein kjempeviktig rekrutteringsstrategi for heile den bransjen ein jobbar i. Også i den kommunale sektoren er det viktig, innanfor til dømes helsefag.
*– Kva meiner NHO trengst for å få utdanna fleire fagarbeidarar – burde det til dømes vere mogleg å rette seg inn mot ei yrkesfagleg utdanning allereie frå ungdomsskulen av? *
– Vi har nett hatt oppe ei sak i nemnda der spørsmålet var om arbeidslivsfag burde bli obligatorisk der, og det var vi samrøystes om at det bør bli. Det ville vere eit skritt i riktig retning. Det er også viktig at elevane får informasjon om dei moglegheitene som finst etter grunnskulen så tidleg som mogleg.
– Mi rolle er ikkje å sjå kva problemet er, men kva elevane er gode på
Hansen overtek leiarvervet på eit spennande tidspunkt. Vidaregåande opplæring skal fornyast, og Utdanningsdirektoratet (Udir) har starta arbeidet med å gå gjennom fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring. Det skal utviklast ein ny struktur og eit nytt innhald der målet er «å gi elevane relevant kompetanse for deltaking i samfunn og eige liv, og samstundes førebu dei på krava i høgare utdanning,» skriv Udir.
– Det har også komme ei ny opplæringslov med ganske mange store endringar som sjølvsagt påverkar både arbeidet til nemnda, og arbeidet til fylkeskommunen i høve inntak og andre ting.
Fokuset for Hansen og nemnda vil også framover vere at endå fleire skal velje yrkesfag, og at færre vel påbygg.
– Men vi også opptekne av kvalitet i opplæringa, og på at ein må bruke fleksible løysingar der det er mogleg. Er det stort behov på eitt område i arbeidslivet, men ikkje så mange elevar, så er vi for at ein brukar fleksible løp i utdanninga for å sikre kompetansen.
Rektorane bytte skule i ei veke: – Der har vi nok litt å lære