Minste fangsten i sjøfisket etter laks nokon gong
Plus
Det er fiska 70 tonn laks i sjøen i 2025. Det er den minste fangsten som er registrert og ein nedgang på fem tonn samanlikna med 2024.
I 2001 vart det fiska nesten ti gonger så mykje laks i sjøen som i 2025. Etter 2001 har dei årlege fangstane vorte stadig mindre. Dei norske laksebestandane er no på eit historisk lågt nivå, og innsiget av laks til elvane er kraftig redusert.
Dette Ifølgje Vitskapleg råd for lakseforvalting. Derfor innførte Miljødirektoratet dei strengaste fiskereglane for vassdrag og sjøfisk nokon gong i 2025. Fleire område vart stengde for fisking.
Vitskaplege råd for lakseforvalting peikar på påverknad frå fiskeoppdrett, lakselus, klimaendringar og andre menneskeskapte inngrep som dei viktigaste årsakene til at laksebestanden har vorte så låg.
(©NPK)