Dette er eit viktig steg for å styrkje frivilligheita og utvikle gode, inkluderande møteplassar i Aurland
Plus
Aurland sanitetslag ser svært positivt på at det no er tilsett dagleg leiar for frivilligsentralen, og at det blir etablert frivilligsentral i kommunen. Dette er eit viktig steg for å styrkje frivilligheita og utvikle gode, inkluderande møteplassar i Aurland.
Saka handlar samstundes om meir enn etablering av eit enkelt tilbod. Den speglar kva slags lokalsamfunn me ynskjer å byggje, og korleis me legg til rette for deltaking, fellesskap og tilhøyrsel.
Frivilligsentralar har ei viktig rolle i å byggje opne og inkluderande lokalsamfunn. Dei skapar møteplassar der folk kan delta på eigne premissar, bidra med det dei kan, og oppleve meistring. For mange kan dette vere ein inngang til sosial kontakt og aktiv deltaking i kvardagen. Dette er særleg viktig for unge som står utanfor utdanning og arbeidsliv.
Når ein fell utanfor skule og jobb mistar ein ofte både nettverk, struktur og meiningsfulle aktivitetar. Risikoen for einsemd, psykiske helseutfordringar og varig utanforskap aukar. Ein frivilligsentral kan i slike tilfelle vere eit lågterskel tilbod og ein arena for deltaking og utvikling. For nokon kan dette bli eit fyrste steg vidare.
Å inkludere pensjonistar er både viktig og verdifullt, både for den enkelte og for lokalsamfunnet som heilskap. For eldre kan deltaking i aktivitetar og fellesskap ha fleire positive effektar som, mestringkjensle, sosial tilknyting og auka livskvalitet. Samstundes som lokalsamfunnet får tilgang til erfaring, kompetanse og engasjement.
Aurland sanitetslag har over tid arbeidd målretta for å få etablert både frivilligsentral og ein inkluderande møteplass. På årsmøte i februar 2023 vart dette vedteke som ei prioritert oppgåve. Saka har sidan blitt løfta politisk gjennom møte med alle partia før kommunestyrevalet, og gjennom innlegg i lokalpresse og bruk av sosiale medium.
I 2024 sende Aurland sanitetslag høyringssvar til frivilligmeldinga i Aurland kommune, der behovet for frivilligsentral og eigna møteplassar vart tydeleg peika på.
Det vart og gitt innspel til representantane i kommunestyre, i samband med vurderinga av sal av «Vangen barnehage», sanitetslaget understreka at bygget bør vurderast som ein mogleg aktivitetsarena for frivillig aktivitet, framfor å bli selt.
Aurland sanitetslag vil understreke at etablering av frivilligsentral ikkje berre handlar om organisering. Skal ein lukkast krev det tilstrekkelege ressursar, eigna lokale og langsiktig politisk vilje.
Tilsetjinga av dagleg leiar for frivilligsentralen og etablering av frivilligsentral er viktige milepålar, men arbeidet er ikkje ferdig, det krev vidare prioritering og satsing.
Aurland sanitetslag vil halde fram som ein tydeleg pådrivar i dette arbeidet. Å byggje gode og inkluderande møteplassar er eit langsiktig prosjekt som krev samarbeid på tvers av sektorar.
Erfaringa vår er klar: Det nyttar å stå på!