Idyllen er snart over – ventar snø også i låglandet
Plus
Dei solfylte og varme vårdagane vert erstatta av snø.
– Det kjem litt kaldare luftmassar frå nordvest med både regn og regnbyer i vente. Medan snøgrensa no ligg på 500–700 meter, vil den krypa nedover til mellom 100–300 meter, sjølv i Sogn.
Det seier vakthavande meteorolog Emili Carin Rønning ved Meteorologisk institutt.
Sidan det er blitt mai og dei fleste har skifta til sommardekk, har det blitt sendt ut farevarsel for snø på Vestlandet måndag og tysdag, seier ho.
– Snøbyene vil vera lokale og det kan koma 2–15 centimeter i fjellet. Spesielt må ein vera obs om ein skal køyra over fjellovergangar måndag eller tysdag, oppmodar ho.
Ho trur vidare at ikkje alle vil oppleva snø. Han vil heller ikkje bli liggande lenge.
– Litt lågare vil ein oppleva at det blir kaldare og at det gjerne er litt kvitt i lufta. Mesteparten av nedbøren vil koma måndag, det vil regna, sludda og koma bygevêr.