Desse er viktige for norsk fotball, men berre på papiret
Plus
I teorien er utviklinga av kvinnefotballen høgt prioritert i norsk fotball. I praksis er det framleis ein lang, lang veg å gå.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407
Søndag skal Brann gjera stas på nokre av dei største heltane i fotballen.
Dei som for 50 år sidan kjempa for at fotballforbundet fjerna den aller mest urimelege regelen i norsk fotball.
Regelen som klart og tydeleg sa ifrå om at organisert fotballaktivitet for kvinner var forbode.
I 1976 gav fotballpampane etter. Fleire år etter at andre land hadde opna opp.
- mai 1976 vart den første kvinnekampen i Bergen spelt. På Ulsmågbanen møttest Fana og Langhaugen.
Ei av dei som spelte kampen, Kjersti Grøhn, er blant pionerane som skal heidrast på Stadion.
Ho var seinare ei av drivkreftene i kvinnesatsinga i Nymark, som i 1985 vart den første bergensklubben til å verta seriemeister på kvinnesida.
Når Brann ogHønefoss gjennomfører innmarsjen i toppseriekampen søndag skal Grøhn gå i spissen, saman med Jane K. Tønjum som representerer Osterøy, truleg den klubben i bergensområdet som aller først gav jentene ein sjanse.
50 år seinare er vekst for kvinnefotballen viktig for Norges fotballforbund. Iallfall på papiret.
I strategiplanen til forbundet, som vart vedtatt så seint som i fjor, er det åtte mål som er peikt ut som dei aller viktigaste.
Blant mål som at dei norske landslaga skal kvalifisera seg til meisterskap, at fotballen til ei kvar tid skal ha 1800 anlegg av høg kvalitet, og at fotballen skal vera den viktigaste fellesskapsarenaen i landet, finn ein òg to mål som er spesifikke for kvinnefotballen.
- Å auka talet på jenter i fotballen til 150.000.
- Å firedobla publikumstala i kvinnefotballen, altså å komma opp i eit gjennomsnitt 2000 per kamp.
Ein ting er fagre målsetningar, noko heilt anna er å verkeleg villa gjera det som skal til for å nå måla.
Årets terminliste i Toppserien er nemleg det nærmaste ein kan komma ei oppskrift på korleis du skal unngå å nå det NFF altså har definert som eitt av dei aller viktigaste måla sine.
For å nådette målet om å få fleire på kamp, er fotballforbundet heilt avhengige av eitt lokomotiv. Det lokomotivet heiter Sportsklubben Brann.
I fjorårssesongen hadde Brann eit publikumssnitt på 3100 i Toppserien. Det er fire gongar meir enn det totale snittet i Toppserien, som Brann altså drar kraftig opp.
Til no denne sesongen har Brann spelt to heimekampar. Grunna to elendige kamptidspunkt, laurdag før palmesøndag og ein tysdag klokka 18, er snittet etter desse to kampane berre 1815 selde billettar.
For publikumssnittet i Toppserien – som visst nok er så viktig for NFF – er det ekstra urovekkande at det kanskje er dei to kampane med aller størst publikumspotensial som til no er spelt. Nemleg den tradisjonsrike duellen mot Rosenborg og vestlandsderbyet mot Haugesund.
I fjor greidde Brann å mobilisera stort to gongar mot nettopp Rosenborg. Det resulterte i 6792 og 8371 på stadion. Slike publikumstal kjem ikkje av seg sjølv i kvinnefotballen, men er det som skal til for at NFF skal nå måla sine. Med årets kamp plassert i påskeferien, kunne Brann berre gløyma liknande tal i år.
Det meste skal nemleg ligga til rette om ein skal få høge publikumstal i Toppserien.
Det klubbane treng er faste kampdagar – aller helst laurdag ettermiddag – slik at dei kan bygga opp eit vanemønster hjå publikum, slik herrefotballen gjorde søndag klokka 18 i tiår etter tiår. Og gjerne at storkampane kjem på tidspunkt som er ekstra tilrettelagt for å mobilisera publikum. Og: Aller helst at kvinnelaget spelar heime den helga herrelaget spelar borte.
Denne våren er det derimot veldig lite som ligg til rette. Verken for lokomotivet eller dei andre klubbane.
Heimekampen mot Hønefoss denne helga er faktisk den einaste normale helgekampen på Stadion før eit godt stykke ut i september.
Neste heimekamp mot Stabæk er fredagen før cupfinalen, medan Brann-supporterar i tusental er på god veg mot Ullevaal. Ikkje akkurat ideelt når målet er å trekka publikum til Stadion.
Så er det ein ny tysdag når Lyn gjestar Stadion.
Særleg desse tysdagskampane irriterer Brann. Store delar av jentefotballen i Hordaland har nemleg tysdag som kampdag, noko som utelukkar at mange av dei aktive fotballjentene kan gå på kamp. Altså dei Brann aller helst vil lokka på kamp.
I juni får endeleg Brann det dei aller helst vil ha, ein laurdagskamp. Den kjem likevel neppe til å dra opp snittet nemneverdig. Kampen mot LSK er nemleg plassert midt i perioden når grasteppet på Stadion skal utbetrast, og skal spelast på Åsane Arena.
Deretter er den neste heimekampen ein onsdag i august.
På tampen av sesongen kjem det noko som minner om eit relativt normalt kampoppsett. Med fire laurdagskampar på Stadion på tampen av sesongen.
Då er detderimot sportslege grunnar til å stilla spørsmål ved oppsettet. Dersom Brann skulle greia det dei norske seriemeistrane har greidd dei siste tre sesongane, nemleg å kvalifisera seg til Champions League vil kampane komma tett som bergensk haustregn.
Medan NFF gjer nærmast kva det måtte vera for å legga til rette for herrane i Bodø/Glimt sine europaeventyr, vil det knapt nok vera mogeleg å flytta ein kamp i Toppserien denne hausten.
Det er slettesikkje ideelt. Faktisk er kvinnespelarar endå meir utsette for skadar når kampane kjem tett og belastninga er høg.
Dei norske klubbane som skal prøva seg i Europa kjem heller ikkje til å ha den fordelen norske lag pleier å ha i kvalikkampar, nemleg at norske lag er midt i sesong. Sommarpausen i Toppserien er nemleg på nesten to månadar, sjølv om det denne sommaren ikkje er noko internasjonalt meisterskap på kvinnesida.
Som om ikkjedet er nok, er det lagt inn ei rekke store avbrekk i sesongen. Allereie har toppserielaga hatt nesten ein månad ferie, i sommar vert det nesten to månadar, og i august og september er det ein ny lang pause.
Det gjer at kampprogrammet i periodar er veldig tett, sjølv om kampane er smurd utover frå mars til november.
Oppsummert må kvinnene finna seg i ei terminliste som verken er bra for interessa, for publikumsoppmøtet eller for det sportslege.
Om fotballforbundet ikkje skjerpar seg, er det heller ikkje bra for rekrutteringa. Altså det andre sentrale målet til NFF.
Å plassera berre 22 seriekampar mellom mars og november burde ha vore ei relativt smal sak.
Grunnen til at det vert slik, er ganske enkel.
Kvinnene vert prioritert bak herrane.
I fotballen er det noko ein har for vane å akseptera, sjølv om strategiplanen til NFF eigentleg seier noko anna. Med respekt å melda. Det går heilt fint å prioritera Toppserien utan at det går ut over Eliteserien.
TV 2 som eig visningsretten til Toppserien på tv vil gjerne visa Brann-kvinnene på skjermen. Men helst ikkje når det òg er herrekampar å sjå.
Det gjer atkvinnene denne våren vert plassert på tidspunkt der TV 2 ikkje har annan fotball å visa.
I staden for kamptidspunkt som bygger opp under strategien om å firedobla publikumstala på stadiona, vert kvinnene redusert til pausefiskar for herrefotballen.
TV 2, som faktisk har gjort mykje bra for kvinnefotballen, bør saman med NFF forstå at tv-produktet dei vil selja vil auka i verdi om fleire kjem på kamp.
Denne helga vert det markert at kvinnene har fått spela fotball i 50 år.
Derfor har Brann òg invitert tre av dei største fotballspelarane Bergen har fostra.
To av deier Trude Stendal, som skåra begge finalemåla då Norge vart europameistrar i 1987, og Gro Espeseth, som har vunne EM, VM og OL for Norge.
Begge desse veit at kvinnefotballen har vore kamp både på og utanfor bana.
Det veit òg den tredje, Maren Mjelde, som er den spelaren med nest flest landskampar for Norge gjennom tidene.
Mjelde har derimot òg vore midt i smørauga når ein i England har tatt kvantesprang for å gjera fotballen til moderne publikumsidrett.
Slik NFF prøver på. På papiret.
I 1976 var NFF pinleg seint ute med å akseptera at kvinner skulle få spela ball. 50 år seinare sakkar norsk fotball igjen etter i kampen med å få opp interessa for sporten.
Første steg i rett retning vil vera å plassera kampane når folk faktisk vil gå på kamp.