15 store lyft for trafikktryggleiken: Dette vil heradet prioritera
Plus
Voss herad har store planar for Ă„ gjera vegane tryggare for gĂ„ande, syklande og skuleborn i perioden 2022â2026. Heile 15 stĂžrre investeringstiltak er peika ut som sĂŠrleg viktige i trafikktryggleiksplanen.
Trafikktryggleiksplanen for Voss herad tek utgangspunkt i nullvisjonen â at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.
SjÞlv om mange av dei alvorlege ulukkene skjer pÄ europaveg og riksveg, har heradet i denne planen valt Ä retta hovudfokuset mot dei mjuke trafikantane og skulevegane.
Voss herad ligg i dag langt unna det nasjonale mÄlet om at Ätte av ti born skal kunna gÄ eller sykla til skulen. Difor er lista over dei viktigaste investeringsprosjekta i stor grad prega av tiltak som skal gjera det enklare og tryggare Ä ferdast til fots og pÄ sykkel.
â Planen skal i utgangspunktet reviderast kvart fjerde Ă„r, og forhĂ„pentlegvis er dette eit arbeid som vert starta opp over sommaren, opplyser vegplanleggjar i Voss herad, BjĂžrg Lirhus Ree.
FrÄ strakstiltak til store investeringar
Dei fysiske tiltaka i planen er delte inn i to hovudkategoriar: strakstiltak og investeringstiltak.
Medan strakstiltaka, som veglys, enkle fartsdumpar og rydding av sikt, er rimelegare Ä fÄ pÄ plass, krev investeringstiltaka reguleringsplanar, grunnerverv og stÞrre Þkonomiske ressursar.
I planen er det sett opp ei prioritert liste med 15 konkrete investeringsprosjekt som heradet, Statens vegvesen (SVV) og Vestland fylkeskommune (VLFK) skal samarbeida om Ă„ lĂžysa.
Tre nye «Hjartesoner» rundt skulane
Tre av dei prioriterte tiltaka handlar om Ä etablera sÄkalla «Hjartesoner» for Ä tryggja skulevegane og redusera biltrafikken heilt inn mot skuleomrÄda.
- Gullfjordungen barneskule:Etablering av hjartesone med mellom anna avsleppingssone (dropsone) for foreldretransport.
- Evanger barneskule: Omfattar ogsÄ tiltak i Evanger sentrum.
- Granvin barne- og ungdomsskule:Oppretting av hjartesone som eit samarbeid mellom heradet og fylkeskommunen.
April 2024 var det offisiell markering av hjartesona rundt Gullfjordingen skule.
â Evanger skule er godt i gang med same jobben, og heradet har fĂ„tt stĂžnad til fysiske trafikktryggleikstiltak for Evanger sentrum, opplyser Ree.
Foreldre fryktar for elevane pĂ„ skulevegen: â Det er uoversiktleg og farleg
Ho legg til at hjartesone rundt Vangen skule ikkje stĂ„r som framheva investeringstiltak â men at FAU og Vangen skule ogsĂ„ held pĂ„ med hjartesonearbeid.
â Hjartesone er i hovudsak eit haldningsskapande tiltak, og initiativtakarar for Ă„ fĂ„ i gang prosjekt er skule og FAU. Av fysisk tilrettelegging langs vegnettet rundt Vangen skule har ein fĂ„tt nytt Lekvemokryss og nytt fortau i Lekvemogata.
Satsing pÄ gang- og sykkelvegar og fortau
Manglande tilbod for mjuke trafikantar er ei stor utfordring fleire stader.
PĂ„ prioriteringslista finn me desse vegane:
- RV13 Brynagjelet: Eit sÊrs hÞgt prioritert prosjekt er ny GS-veg frÄ Palmafossen til sentrum via Brynagjelet. Reguleringsplan for tiltaket vart vedteke i 2020.
- Ringheimsvegen:Etablering av fortau frÄ Rognstunet til Hjellane.
- Bordalsvegen: Fortau frÄ Haugamoen til Nedre Storhaugen.
- Nedkvitnesvegen: Fortau/GS-veg frÄ Coop Extra til Kvitheim bru.
- E16 LĂžnavatnet: Ny GS-veg langs strekninga etter Eensmio.
- Brynalii â Brynamoen: Etablering av fortau, betring av kryssingspunkt for mjuke trafikantar og oppstramming av krysset.
- Nedre RÞynstrand: Fortau pÄ vegstrekning som er plaga med mykje tungtrafikk.
Hordaland har i fleire rundar skrive om det manglande fortauet Brynalii â Hardangervegen, noko Ree opplyser det vert jobba med.
â Det er ogsĂ„ gjort vedtak om ny reguleringsplan pĂ„ fortau frĂ„ Rognstunet til Hjellane, langs fylkesvegen.
Tryggare kryssingar og bussoppstilling
For Ä binda saman bustadomrÄde med turomrÄde og bussknutepunkt, prioriterer planen fylgjande knutepunkt:
- RV13 Tvildemoen og Brynavollen: Nye kryssingspunkt for mjuke trafikantar over RV13/Hardangervegen begge stader.
- Vossestrand barne- og ungdomsskule: Betring av bussoppstillingsplassen for Ă„ handtera skuleskyssen tryggare.
- FV79 Folkedal: Betring av busstopp langs fylkesvegen.
- Ny Ringheimsveg/Bavallsveg: Realisering og bygging av dei gjenstÄande parsellane i trÄd med reguleringsplanen frÄ 2013.
Krev samarbeid og midlar
SjÞlv om Voss herad set av Ärlege midlar til trafikktryggleik, krev desse 15 prosjekta eit tett samspel mellom heradet, fylkeskommunen og Statens vegvesen for Ä bli realiserte.
â Med desse tiltaka pĂ„ plass, hĂ„par Voss herad at fleire vel Ă„ la bilen stĂ„, og at bĂ„de store og smĂ„ vossingar kan ferdast litt tryggare i kvardagen, heiter det i trafikktryggleiksplanen.
Samstundes er det verdt Ă„ merka seg at realiseringa av storprosjektet K5 Stanghelle â Voss framleis vert sett pĂ„ som det aller viktigaste enkelttiltaket for Ă„ redusera faren for alvorlege ulukker og dĂždsfall pĂ„ europavegen.
Rognshagen: Alle er samde, men ingen gjer noko
Vart kÄra til den dÄrlegaste kommunale hovudvegen. No er utbetringa i gang