Slik vert dei nye bompengesatsane på E16
Plus
Det vert lagt opp til ein gjennomsnittleg kostnad på 55 kroner per passering for å betala ned den nye vegen, vart det opplyst på informasjonsmøtet som FAS-prosjektet inviterte til på Vaksdal nyleg.
Kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Feet Bjørgo, i Statens vegvesen Utbygging, gjekk gjennom tala for det komande FAS-prosjektet, på direkte spørsmål frå salen om ikkje det ville verta svært dyrt for trafikantane å bruka vegen når den står ferdig. Det er no framleis nokre år til, og kroneverdien er nok ein annan etter 2030, vart det også nemnt på.
Tre bomstasjonar
Det skal etablerast ein bomstasjon i kvar av dei tre tunnelane på den nye strekninga. For å sikra at bompengelånet vert nedbetalt i løpet av 15 år, krevst det ei gjennomsnittleg inntekt på 55 kroner per køyretøy i kvar tunnel. Dette er rekna ut i 2025-kroner. For lette køyretøy med fossilt drivstoff betyr dette ein takst på 75 kroner per passering før brikkerabatt, sa Feet Bjørgo mellom anna.
– Det er lagt opp til at elbilar skal betala 50 pst. av taksten for lette køyretøy etter rabatt, opplyste ho.
Utan rabatt vil den samla prisen for å køyra gjennom alle tre tunnelane vera 225 kroner. Med brikke og rabatt vert summen 180 kroner for personbilar.
Dette er saka:
- Statens vegvesen planlegg finansiering av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle (FAS).
- Prosjektet skal delvis finansierast med bompengar frå trafikantane.
- Det vert lagt opp til 15 år med innkrevjing i tre ulike tunnelar.
- Både ny veg og gammal veg vil få bomstasjonar for å styra trafikkstraumen.
Innkrevjing på sidevegen
For å hindra at trafikken flyttar seg frå den nye vegen til dagens E16, vert det også bompengar på sidevegen. Taksten her skal vera 70 prosent av prisen på den nye vegen. Lokale styresmakter og bompengeselskapet får høve til å justera denne satsen, dersom trafikken fordeler seg annleis enn venta.
- Taksten på sideveg kan justerast innanfor 50-90 prosent av takst på ny veg, dersom løysinga gjev uønskte trafikale effektar, forklarte Feet Bjørgo.
Skjermar lokaltrafikken
Det vert innført tiltak for å avgrensa kostnadene for dei som køyrer ofte i nærområdet. Statens vegvesen har lagt inn ein timeregel i bomstasjonane på sidevegen. Dette inneber at eit køyretøy berre vert belasta for éi passering innanfor 60 minutt i kvar stasjon.
- I tillegg er det lagt opp til eit månadstak på 60 passeringar per kalendermånad, seier Feet Bjørgo.
Alle takstar skal justerast for prisvekst i byggjekostnader fram mot opninga. Det kan også koma endringar dersom nasjonale reglar for miljøprising av køyretøy vert endra før veganlegget står ferdig, sa kommunikasjonsrådgjevaren på møtet.
Fakta om bompengar på FAS:
- Periode: Nedbetaling over 15 år.
- Plassering:Ein bomstasjon i kvar av dei tre tunnelane.
- Pris per tunnel: 75 kroner for lette køyretøy (2025-kroner).
- Elbil:50 prosent av taksten etter rabatt.
- Sideveg: 70 prosent av full takst, med timeregel og månadstak.
FAS-prosjektet: Midlertidig = 12 til 14 år fram i tid