Herold

Fjellsikring medfører venting, skal også sjekka grunntilhøve

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-05-03 02:00:00
Fjellsikring medfører venting, skal også sjekka grunntilhøve

Statens vegvesen skal ytterlegare reinska og sikra fjellet ved Dalseidtunnelen utover våren. Arbeidet fører til periodar med venting for trafikantane på E16 i vekene som kjem. Leirfarge på fjorden skal også sjekkast.

Det føregår no arbeid ved tunnelmunningen på Dalseid. Mannskap skal sikra fjellsida over vegen.

- Det er planlagt fjellsikring i heile mai, og noko inn i juni, seier prosjektsjef Eirik Røthe i Statens vegvesen.

Det er vanskeleg å seia nøyaktig når arbeidet er ferdig. Arealet er stort. Arbeidslaget veit ikkje kor mykje laus stein dei vil finna undervegs. Fjellsida er kontrollert tidlegare. Stormen Amy i haust har skapt utfordringar med tre og vegetasjon i området.

Stenging på dagtid

Trafikantane må rekna med stans i trafikken på dagtid. Vegen blir stengd i inntil 30 minutt mellom klokka 07 og 19. Dette gjeld frå måndag til torsdag.

- Her anbefaler me folk å følgja med på www.175.no, seier Røthe.

Når fjellet er ferdig sikra, skal arbeidet med den nye portalen halda fram. Det skal leggjast membran over konstruksjonen. Etterpå skal det fyllast på med steinmassar i ulike storleikar rundt portalen.

Leirfarga fjord

For ei tid tilbake har det ved fleire høve vore observert at fjorden inst mot E16 på Dalseid, har vore leirfarga. Dette har skjedd utan at det har vore nedbør, og fått folk til å undra seg på om arbeidet med tunnelportalen kan ha påverka grunntilhøva i området.

Røthe i Statens vegvesen stadfestar at han har fått tips om dette, og at ein vil sjå på saka.

- Me har tatt desse observasjonane vidare til ein geoteknikar som skal sjå på saka i nær framtid. Eg er ikkje uroa for dette, men det vil verta gjort nokre undersøkingar likevel, seier Røthe.

🏷️ Extracted Entities (6)

Eirik Røthe (person) Dalseid (entity) E16 (entity) Statens (entity) Dalseidtunnelen (entity) Stormen Amy (person)