Måtte finna rask naudløysing – Halsnøy Dokk stilte opp
Plus
Førre helg blei ei strålande opningshelg for Halsnøy Kulturhus, etter omfattande oppussing. Men mange har lurt på konstruksjonen som har dukka opp ved kulturhuset den siste veka.
«Sist haust fekk kulturhuset pålegg om ny, brannteknisk gjennomgang av heile bygget. Dette arbeidet vart utført av Firesafe frå Haugesund. Det vart mellom anna avdekka at møteromma mot sjøen, «Brisling» i tredje etasje og «Mussa» i andre etasje, berre har éin godkjent naudutgang. Dette er ikkje etter dagens krav, det skal vera to alternativ frå kvart rom», skriv styreleiar Kurt Henriksen i ei pressemelding.
Styret har teke dette på største alvor, og har stengd «Brisling» for utleige. «Mussa» er derimot utleigd til konfirmasjon kommande helg.
«Dermed var det ikkje anna å gjera enn å finna ei rask naudløysing. Halsnøy Dokk stilte eit trappetårn og leider til disposisjon, vederlagsfritt»står det vidare.
Framover blir det arbeidd med å finna ei permanent løysing med ny naudutgang frå begge etasjane. Men dette krev planlegging og ikkje minst godkjenning før ein kan starta arbeidet, og prosjektet blir kostbart. Dermed er ein heilt avhengig å finna eksterne midlar.
«Så utfordringane tek ikkje slutt med eit gamalt bygg, men me er stolte over at store delar av bygget har fått eit kraftig vedlikehaldsløft dei siste åra. Dette er takka vere stor dugnadsinnsats frå mange gode hjelparar, og ikkje minst støtte frå dei ymse stiftingane. Huset er eigd av folket på Halsnøy (ikkje kommunalt), har ingen tilsette og vert drifta på dugnad»,minnar styreleiaren om avslutningsvis.
Lufta frustrasjonen sin til politikarane: – Det er den ekle magekjensla mi, og det synest eg er trist