Herold

Fredag kjempa han mot flammane: Laurdag stod han fram for laget

Plus
Kilde: NH Author: Kasper Valestrand Published: 2026-05-02 17:00:00
Fredag kjempa han mot flammane: Laurdag stod han fram for laget

Lokalfotballspelarane i Nordhordland lever langt frÄ noko proffliv i sus og dus. Dei tar alle med seg noko frÄ dagleglivet nÄr dei skal ut og blÞ for drakta.

– Det er nok den verste oppladinga til ein kamp eg nokon gong har hatt.

NBK-spelar Isak Jenssen Østrem er Êrleg om det tÞffe dÞgnet fÞr heimekampen mot Baune pÄ kunstgraset i Knarvik laurdag ettermiddag.

Fredag ettermiddag gjekk alarmen for brannmannen som er knytt til stasjonen i Alversund. Det hadde begynt Ă„ brenne i terrenget i nĂŠrleiken av Leknes skule i Alver.

Saman med mannskap frÄ fem stasjonar arbeidde Østrem intenst for Ä hindre at flammane spreidde seg til eit bustadomrÄde tett ved brannstaden.

– Eg var ikkje heime att fĂžr seint pĂ„ kvelden. Etter ein slik jobb tar det ein del tid Ă„ lande og senke pulsen. SĂ„ det blei ei natt med lite sĂžvn.

Kjente det i kroppen

Laurdag sette Østrem inn det fĂžrste mĂ„let i heimematchen mot Baune. Med sluttresultatet 3–0 tronar NBK Ăžvst pĂ„ tabelltoppen i si avdeling i 4. divisjon.

MÄlskÄraren er glad for Ä kunne gjere ein innsats for laget sitt etter den harde fredagen.

– Eg kjente gĂ„rsdagen verkeleg i kroppen. Det var vondt Ă„ komme seg opp av senga i dag tidleg.

Mannen som til dagleg er brannmann har eit langt liv bak seg i fotballen, men ikkje fÞrst og fremst i bergensomrÄdet.

Han er frÄ SÞreide i Bergen, men har dei siste ti Ära budd fleire stadar i Norge: pÄ Austlandet, i Nord-Norge, TrÞndelag og Rogaland.

I fjor var han med dÄ Stavanger-klubben Vidar vann si avdeling i 3. divisjon.

– SĂ„ eg skulle eigentleg ha spelt i 2. divisjon i Ă„r, men sĂ„ blei det flytting hit. DĂ„ fĂ„r eg heller rykke opp med NBK.

– Mþter vakne opp

NBK-trenar Espen Kjenes har stor respekt for kor flinke spelarane er til Ä nullstille seg frÄ eit hektisk kvardagsliv.

– Dei mþter vakne opp til kamp og trening.

Samstundes peikar Kjenes pÄ at det ikkje er ei gruppe med proffar han trenar. Dei drar alle med seg ein del av kvardagslivet sitt nÄr dei ikler seg den raude NBK-drakta.

– Vi har jo ein del spelarar som arbeider kveld og natt, sĂ„ dĂ„ er det nokre treningar dei ikkje kan delta pĂ„. Samstundes spelar vi jo i 4. divisjon, sĂ„ vi mĂ„ nok opp i 1. divisjon om vi skal lĂžnne folk pĂ„ heiltid.

Ikkje heilt nĂžgd

Sigeren mot Baune laurdag kom pÄ eit perfekt tidspunkt for NBK. Etter uavgjort mot Djerv pÄ bortebane sist helg meiner Kjenes det var perfekt Ä ta med seg tre poeng pÄ heimebane.

Han meiner NBK er eit langt betre lag enn Baune. Samstundes er ikkje Kjenes heilt fornĂžgd med matchen.

– Eg meiner kampen i dag er veldig rar. Vi er veldig gode det fĂžrste kvarteret, men etter det er det vel ingen av laga som er gode. SĂ„ til veka mĂ„ vi jobbe med kva vi kan gjere betre.

Endeleg spelar kroppen pÄ lag: No blir bidraget hans omtalt som «livsviktig»

đŸ·ïž Extracted Entities (18)

NBK (entity) Baune (entity) Espen Kjenes (person) NBK-spelar Isak Jenssen Østrem (organization) Alver (entity) Alversund (place) Austlandet (entity) Bergen (entity) Djerv (entity) Knarvik (place) Leknes (place) Nord-Norge (entity) Nordhordland (place) Norge (entity) Rogaland (place) Stavanger-klubben Vidar (organization) SÞreide (entity) TrÞndelag (entity)