Grunneigar i sjokk: Mista jorda til eldreomsorg, kan få datasenter i staden
Plus
To grunneigarar på Spanne måtte gi frå seg store landområde for at Karmøy skulle bygge seniorlandsby. Då omsorgsprosjektet blei flytta, dukka det opp planar om nytt datasenter. Det vekker reaksjonar.
KARMØY: To grunneigarar måtte gi frå seg grunn då kommunen planla seniorlandsbyen på Spanne.
Eit prosjekt som blei flytta til Norheim.
Nå jobbar Karmøy for å legge til rette for eit nytt datasenter for kunstig intelligens på tomta.
Vil bygge KI-senter på Spanne: – Dette går sjukt fort
Begge grunneigarane reagerer sterkt.
– Eg fekk sjokk. Her skal dei beslaglegge området til eit stort datasenter. Dette er eit vekstområde der folk ønsker å bu.
Det seier Jarle Sandvik, som representerer mora si i denne saka.
Kart med ID 527104
– Feil premissar
Kommunen eksproprierte 47 mål frå mora hans for å bygge seniorlandsbyen.
Ein prosess som starta allereie i 2016.
– Nå har dei gjort dette på heilt feil premissar. Det blir eit stort, stygt industribygg i eit fint område, seier Sandvik.
Grunneigaren Ragnar Sørensen blei tvinga til å gi frå seg 63 mål.
– Dette er uhøyrt, både for oss grunneigarar og lokalbefolkninga. Området blei jo ekspropriert til seniorlandsby, seier han.
Kommunen kom med «skambud» på tomta hans: – Jeg føler meg overkjørt
Tapte i retten
Sørensen har ført ein årelang kamp for å sleppe å gi frå seg grunn.
Han tapte i retten.
Sjølv om dommen er rettskraftig, har ikkje Sørensen skrive under på skøytet.
Kommunen har vore i kontakt med Sørensen sidan september.
Varslar ny kamp
Kommunen har ønska å frigi området, etter at seniorlandsbyplanane blei flytta.
Altså kunne Sørensen behalde området.
I starten kravde han to millionar kroner i kompensasjon frå kommunen, for å gå med på avtalen.
Kravet blei jekka ned til 1,25 millionar, pluss advokatutgifter, opplyser han.
Det takka kommunen nei til.
– Saka er ganske fastlåst, for å seie det slik. Eg trur ikkje det siste gongen eg møter kommunen i retten, seier han.
Skal kommunen bygge datasenteret, vil Sørensen klage.
– I så tilfelle blir det ein ny kamp. Eg trur me har ein ganske god sak, seier han.
Videokarusell
For stor avstand
Kommunen tilbaud Sørensen 500.000 kroner i kompensasjon.
– Me har vore i dialog med Sørensen sidan september 2024, i håp om å finne ei løysing der kommunen slepp å tiltre eigedommen, samsvar med skjønnet, seier Stein Nygaard, juridisk rådgivar i Karmøy kommune.
Men: – Me står veldig langt frå kvarandre. Kravet hans er så høgt at me er meir tent med å kjøpe det ut, i samsvar med skjønn, seier han.
Kommunen har plikt til å kjøpe eigedommen.
– Er det lovleg å ekspropriere med formål om å bygge seniorlandsby, og så endre det til datasenter etterpå?
– Ja, det er lovleg, men ingen veit om det er realiserbart ennå. Me pliktar å forvalte eigedommen på ein god måte, svarer Nygaard.
Statsforvaltaren gav føringar
Ifølge Nygaard er det veldig usikkert om datasenteret blir ein realitet.
Eit stort hinder har allereie dukka opp.
– I samband med reguleringsprosessen for omregulering av et område på Norheim til ny sjukeheim, har Statsforvaltaren uttalt at dei ønsker området på Spanne ført tilbake til LNF, og i tillegg at det ikkje kan brukast til bustadområde, opplyser Nygaard.
– Men kvifor begynner kommunen å planlegge datasenter på tomta, då?
– Her er kommunen eigar av eit stort område som ein har betalt ein betydeleg sum for. Då må ein sjå på korleis nyttiggjere det til andre ting, svarer Nygaard.
Men fylkeskommunen har vedtatt ein regional plan for grøn industri, der mellom anna Spanne blir nemnt som ein eigna plass for slik verksemd, ifølge den juridiske rådgivaren.
– Til beste for samfunnet
Ordførar Leiv Arne Marhaug (H) liker idéen om å bygge datasenteret.
– Det er behov for det. Men me har ei gryande konflikt i samfunnet. Treng me datasenter eller industri? Dette blir ei prioritering som me må gjere, seier han.
– Er det moralsk rett overfor grunneigaren å bruke tomta til dette?
– Eg var ikkje med då eigedommen blei ekspropriert, so veit ikkje kva føresetnaden var då. Det blir samfunnsnyttig uansett kva me bruker tomta til. Me ønsker å bruke den til beste for samfunnet, svarer han.