Hilde flyttar heim: – Eg håpar nokon vil ha meg
Plus
Hilde Magnusson (55) flyttar tilbake frå Kampen i Oslo til Stallgata på Vangen.
– Eg trivest godt i Oslo, men no vil eg heim igjen.
Torsdag hadde 55-åringen sin siste dag på jobben som seniorrådgjevar i Agenda Rådgivning, der ho har jobba i tre år.
- juni tek Hilde Magnusson toget til Voss for å bli i heimbygda og jobba på Vestlandet.
Hilde Magnusson
På jobbjakt
Magnusson har gjennom åra leia ei rekkje politiske debattar og konferansar. Som sitt siste oppdrag i Oslo skal ho vera konferansier på ein to dagars kommunalkonferanse på Gardermoen i juni, med 500 deltakarar i salen.
– Kva skal du jobba med når du kjem til Voss?
– Det veit eg ikkje enno. Eg håpar nokon vil ha meg, seier 55-åringen, som satsar på å få seg jobb på Voss eller i Bergensområdet.
Ho har bakgrunn som jurist, politikar og rådgjevar.
Åtte år på Stortinget
Hilde Magnusson er glad i Oslo. Ho har hatt fleire opphald i hovudstaden, særleg då ho var stortingspolitikar for Arbeidarpartiet i åtte år. Ho var medlem av justiskomiteen og kommunalkomiteen.
– Jobben på Stortinget var veldig spennande. Eg fekk mange utfordringar og eg har vorte kjent med mange folk frå tida på Stortinget.
– Kva vil du sakna mest med Oslo?
– Eg vil sakna at det er høgare puls i Oslo, nærleiken til makta og ikkje minst alle dei gode venene eg har i Oslo. Eg planlegg ein heidundrande avskjedsfest for gjengen i Oslo på takterrassen på Kampen.
Vossing fødd i Narvik
Sjølv om ho er fødd i Narvik, har budd fleire stader i landet før militærpappen frå Voss fekk jobb på Tvildemoen, og ikkje snakkar vossadialekt, er det ingen tvil om at Voss er heime for Hilde Magnusson.
– Eg kom til Voss då eg var ni år gammal. Dialekta har eg lært meg, men eg har aldri blitt van med å snakka vossamål.
– Kva er det som lokkar deg tilbake til Vestlandet og Voss?
– Eg vil heim til familien, fjordane og til fjella. Eg har det fint i Oslo, men det er kjekkare å vera på Voss.
Bømoen og A-laget
Sjølv om ho har hatt arbeidsdagen sin i Oslo, har ho pendla ofte heim til Voss og har hatt si offisielle adresse på Vangen.
– Eg er med i heradsstyret, og gler meg til å koma endå tettare på sakene når eg kjem heim på fast basis. Eg har jobba spesielt mykje med Bømoen-saka, og dette vil eg halda fram med.
Elles vert ho nok å sjå i Prestegardsmoen rett som det er. Ho er ein ivrig tilhengjar av FBK Voss sitt A-lag, der dei to sønene hennar, Henrik og Håkon, spelar.
– Eg gler meg til å kunne gå oftare på heimekampane og sjå fotball med niesene Tiril (13) og Emma (11).
Millionsmell for Bømoen AS i tingretten. Høgsterett kasta ut Løne