Vegarbeidet held fram i mai
Plus
Trolltunga AS melder at sikringsarbeidet på Skjeggedalsvegen held fram på dagtid i mai månad.
Arbeidet i området mellom P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal blir gjort for å sikra området etter rashendinga 14. mars.
Planlegg du Trolltunga-tur? Slik kan stengd veg og snø påverka turen din
– Sikringsarbeidet på Skjeggedalsvegen vil halda fram på dagtid i mai. Det er utvida behov i høve til eigensikring og arbeidssikring i øvre del av rasområdet. Det blir derfor same opningstider som tidlegare., men det kan bli justeringar etter kvar som det blir meir trafikk, opplyser dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen, i ei pressemelding,
Vegen er stengd for gjennomkøyring dagleg frå klokka 08.00 til 19.00 måndag til laurdag. Det blir likevel opna for gjennomkøyring i to periodar: mellom 11.00-12.00 og 14.30-15.30. Om nettene, frå 19.00 til 08.00, er vegen open. Vegen er stengd for gåande heile tida i arbeidstida.
– Vi beklagar dei ulempene dette medfører, seier Evjen.
Søndagar og heilagdagar i mai (1., 14. og 25. mai) er vegen heilt open for trafikk.
For oppdatert informasjon om vegarbeidet og opningstider, sjå www.trolltunga.com.