Herold

No bør du oppdatere internett-ruteren din

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2026-05-02 12:42:16
No bør du oppdatere internett-ruteren din

Fleire land melder om aukande cyberangrep mot private nettverk. Sårbare ruterar blir utnytta av hackarar. Du kan også bli råka.

IT-ekspert og rådgjevar Torgeir Waterhouse i rådgivingsselskapet Otte seier dette er ei problemstilling som gjeld alle.

– Utstyr må haldast jamleg oppdatert, og det kan vere lurt å ta ein omstart no. Det kan bidra til å fjerne uønskte aktørar frå systemet, seier Waterhouse til Nynorsk pressekontor.

Førre veke åtvara amerikanske NSA internett-brukarar i USA om å omstarte internett-ruterane sine, etter fleire dataangrep retta mot heime-nettverk, som stal personlege data. Dette var knytt til at også USAs føderale politi- og tryggingsetat FBI åtvara om at den russiske GRU-gruppa (militær etterretningsteneste) utnytta sårbare ruterar.

Også britane blei åtvara om at fleire russiske hackarar utnytta vanlege internett-ruterar til å stele personlege data.

Det har vore ein auke i angrep etter Russlands invasjon av Ukraina, og tryggleikssituasjonen er skjerpa.

Ved å oppdatere ruteren din blir feil oppdaga og retta.

– Det kan samanliknast med ein sykkel med hol i dekket – oppdateringa tettar holet, seier IT-eksperten hos Otte.

Samtidig er det ikkje gitt at éi oppdatering er nok.

– Ein må sjølv sørgje for å oppdatere eigne ruterar, samstundes som leverandørane har eit ansvar for å utvikle utstyret slik at det er lett å oppdatere og gjerne tilby automatisk oppdatering, seier Waterhouse.

I ein e-post skriv Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) at dei er kjent med at aktørar utnyttar heime-ruterar som eit ledd i å utføre cyberangrep mot norske verksemder. I 2023 åtvara dei om at SOHO-ruterar var brukte som ein del av angrepet mot Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS).

– Vi anbefaler å halde nettverkstilkopla utstyr oppdatert og å ikkje bruke utstyr som ikkje lenger tek imot sikkerheitsoppdateringar, skriv NSM til Nynorsk pressekontor.

(©NPK)

🏷️ Extracted Entities (16)

Torgeir Waterhouse (person) NSM (entity) Nynorsk (entity) Otte (entity) USA (entity) DSS (entity) FBI (entity) GRU (entity) IT (entity) NSA (entity) Nasjonal (entity) Også britane (organization) Russland (entity) SOHO (entity) Service (entity) Ukraina (entity)