Herold

Hurra for lange og lyse kveldar: – Koseleg å samle gjengen

Plus
Kilde: NH Author: Trond Spurkeland Published: 2026-05-02 14:24:56
Hurra for lange og lyse kveldar: – Koseleg å samle gjengen

Det vart ein intim og vellykka 1. mai-konsert på Kulturboden på Flatøy, der 50 publikummarar fekk oppleve Thom Hell og medgitarist Ronny Yttrehus på nært hald.

Thom Hell er ein veletablert norsk artist og låtskrivar med tre Spellemannprisar på merittlista.

Mange hadde valt å leggje turen til Flatøy for å oppleve den landskjente musikaren.

Blant publikum var det ein vennegjeng som bestod av Bjarne Kaland, Liv Erstad, Irene Kaland, Terje Erstad, Maren Erstad og Steinar Erstad. Dei hadde teke turen heilt frå Austrheim og Holsnøy for å få med seg arrangementet.

– Vi synest det var koseleg å samle ein gjeng for å dra på konsert, seier dei.

Familiefolk og lokale fans

For fleire av gjestene vart konserten ei naturleg avslutning på fridagen. Trond Egil Knudsen og sonen Christer Knudsen fortel at dei kom til Kulturboden rett frå eit familiebesøk.

– Eg har høyrt han på radio og likar musikken hans, forklarar Christer Knudsen.

Også Robert Sagstad frå Frekhaug valde å bruke kvelden på livemusikk, og hadde teke med seg familien sin.

– Eg likar også veldig godt musikken til Thom Hell, fortel Sagstad.

Rosar artist og publikum

Det var ikkje berre gjestene som såg fram til kvelden.

I kafeen på Kulturboden jobbar Daria Bacvinka fast. Ho uttrykte på førehand at det er stor stas å få eit kjent namn som Thom Hell til Flatøy, og lova at det ville bli god stemning.

Inne i konsertlokalet let publikum seg fenge allereie frå første akkord, og medgitarist Ronny Yttrehus sparte ikkje på krutet undervegs.

Eigar av Kulturboden, Barbro Sulebakk, sat igjen med eit svært positivt inntrykk av gjennomføringa.

– Han gjorde mange ekstranummer og er ein artist med eit unikt og særdeles engasjert publikum, oppsummerer eigaren.

🏷️ Extracted Entities (19)

Kulturboden (entity) Thom Hell (person) Flatøy (place) Christer Knudsen (person) Robert Sagstad (person) Ronny Yttrehus (person) Austrheim (place) Barbro Sulebakk (person) Bjarne Kaland (person) Daria Bacvinka (person) Frekhaug (entity) Holsnøy (place) Irene Kaland (person) Liv Erstad (person) Maren Erstad (person) Spellemannprisar (entity) Steinar Erstad (person) Terje Erstad (person) Trond Egil Knudsen (person)