Herold

AP sitt digitale luftslott

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Trym NybĂž, Sogn og Fjordane FpU, Kaupanger Published: 2026-05-02 10:24:42
AP sitt digitale luftslott

Arbeidarpartiet sitt siste framlegg om Ä innfÞre ei 16-Ärs aldersgrense pÄ sosiale medium er ikkje berre urealistisk, det er eit teikn pÄ handlingslamming. Det verkar som at med ein gong AP fÄr problem med noko dei ikkje heilt forstÄr, sÄ er lÞysinga deira anten Ä gjere det ulovleg eller Ä setje ei urealistisk aldersgrense. I staden for Ä ruste oss til Ä meistre den digitale verda vi faktisk lever i, vel politikarane Ä lÄse dÞra og kaste nÞkkelen.

Det store spÞrsmÄlet er korleis AP i det heile har tenkt Ä handheve eit slikt forbod. Til no har vi berre fÄtt naive svar som ikkje heng saman med verkelegheita. I dag ser vi at sjÞlv 13-Ärsgrensa ikkje vert overhalden. Korleis skal lova plutseleg fungere betre berre ved Ä flytte grensa tre Är opp? Forslaget er dÞmt til Ä feile, noko vi allereie ser i utlandet. I Australia har dei prÞvd pÄ noko liknande, og etter berre tre mÄnader viser tala at det fungerer dÄrleg. Unge finn alltid vegar rundt tekniske sperrer, og eit slikt forbod fÞrer berre til at aktiviteten flyttar seg til mÞrkare krokar av nettet som er endÄ farlegare.

Regjeringa sitt forslag framstÄr meir som eit forsÞk pÄ Ä tekke hÞglydte foreldregrupper enn ei lÞysing som faktisk gjer noko med problema. Om ein trur at ei 16-Ärsgrense fjernar grooming og skadeleg innhald, er ein meir enn berre naiv. Ein kan framleis sitje timevis pÄ TikTok og YouTube utan Ä logge inn, men dÄ mistar ein samstundes tryggleiksmekanismane som alderstilpassa innhald. Eller sÄ flyttar aktiviteten seg over til dataspel, der risikoen for grooming er minst like reell.

Verifiseringsmodellen er i seg sjÞlv eit luftslott. Verken BankID eller App Store er gode nok lÞysingar slik dei fungerer no. Skal ein ha noko som faktisk fungerer, mÄ ein i praksis innfÞre ei aldersgrense pÄ heile internett med pass verifisering. Det er ei gryte med sÄ mange prinsipielle utfordringar at regjeringa neppe har forstÄtt kva dei rÞrer i.

I eit moderne demokrati er sosiale medium dei viktigaste arenaene for debatt og informasjon. Ved Ă„ stengje ute alle under 16 Ă„r, nektar regjeringa i praksis ein heil generasjon moglegheita til Ă„ utvikle eigne meiningar. Det er bĂ„de udemokratisk og gamaldags. I staden for Ă„ kaste seg over eit radikalt forbod, bĂžr politikarane heller konsentrere seg om Ă„ handheve den eksisterande 13-Ă„rsgrensa pĂ„ ein skikkeleg mĂ„te. Å auke grensa no er som Ă„ byggje ein ny etasje pĂ„ eit hus der grunnmuren allereie har rasa saman.

Medan regjeringa vil kontrollere og forby, har Frp og FpU ein heilt annan innfallsvinkel. Dei seier klart nei til dette symbolske forbodet. I staden for statleg overstyring og urealistiske aldersgrenser, vil Frp satse pÄ digital danning, betre fÞrebygging og Ä gje foreldra tillit til Ä ta eigne val for sine barn. Vi treng politikarar som forstÄr den digitale kvardagen, ikkje politikarar som trur at eit forbod lÞyser alt.

I staden for Ă„ ta seg tid til Ă„ gjere dette skikkeleg, vel regjeringa ein lettvint og ubrukeleg snarveg som ikkje gjer kvardagen til norske barn og unge noko tryggare.

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

AP (entity) Frp (entity) App Store (person) Australia (entity) BankID (entity) FpU (entity) TikTok (entity) YouTube (entity)