Meld for promillekøyring - bilen stod og vippa på ein murkant
Plus
Ein person blir meld for promillekøyring i nordre del av Kinn etter at vedkommande rygga over ein murkant kring klokka to natt til laurdag.
Operasjonsleiar Ole Ronny Olsen opplyser at bilen var forlaten, men stod og vippa på murkanten.
– Det var ikkje snakk om stor høgd, men politiet fekk fleire meldingar om at han stod delvis ute i vegbana.
Då politiet kom til staden måtte dei oppspore person som hadde køyrt.
– Vedkommande framstod som alkoholpåverka, og på bakgrunn av det blei han teken med til blodprøvetaking på legekontoret i Måløy. Kva som nøyaktig har skjedd må politet undersøke. Det er snakk om ein mann i tredveåra.
Bilen blei henta av bilbergar, og det var ingen personskade.
🏷️ Extracted Entities (3)
Kinn
(entity)
Måløy
(place)
Ole Ronny Olsen
(person)