Til sjukehus med moglege knivskadar
Plus
Natt til laurdag rykte politiet ut til ei privat adresse pĂĽ Frekhaug, etter melding om ordensforstyrring og amper stemning.
Ein person er send til Haukeland sjukehus med moglege knivskadar, og ein annan person er pĂĽgripen.
I samband med utrykkinga stansa ein patrulje ein bil i nĂŚrleiken av den aktuelle adressa.
Føraren av bilen framstod som skadd.
â Personen har skadar som er mogleg foreinlege med bruk av kniv, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.
Vaken og medviten
Den skadde bilføraren vart raskt køyrd til Haukeland sjukehus med ambulanse. Politiet stadfestar at vedkomande var vaken og medvitande.
Politiet kontrollerte dei andre involverte personane pĂĽ adressa der brĂĽket starta. Klokka 02.48 oppdaterte operasjonsleiaren med at ein person var pĂĽgripen pĂĽ staden.
Hendinga vert no etterforska vidare.
â Politiet har per no ikkje oversikt over hendingsforløpet, men etterforskar vidare i forhold til dette. Det er oppretta sak, opplyser Rebnord.