Villeiande frå Fagforbundet om pensjon
Plus
Fagforbundet hevdar at anbod er «risikabelt» eller «dyrt». Dette stemmer ikkje med erfaringane.
30.11.2025 kjem Fagforbundet Alver med påstandar i avisa om pensjon og anbod som skaper unødvendig frykt. Det er viktig å få fakta på bordet.
For det første: Dette handlar ikkje om privatisering, men om eit heilt vanleg innkjøp av ei finansiell teneste - på linje med andre bank- og forsikringstenester kommunen inngår. Det har ikkje med arbeidsplassar eller drift i kommunen å gjera. Å bruke ordet «privatisering» i denne samanhengen er misvisande og skapar eit feil inntrykk av kva saka faktisk gjeld. Ligg det ideologiske perspektiv til grunn frå Fagforbundet si side?
Pensjon på anbod - Kva betyr det for dei tilsette i Alver kommune
For det andre: Påstanden om dårlegare pensjon ved ein annan leverandør stemmer ikkje. Kommunen kan - og skal - krevje i konkurransegrunnlaget at dei tilsette skal ha nøyaktig dei same pensjonsvilkåra som i dag. Pensjonsordninga blir ikkje endra; det er berre leverandøren som eventuelt kan bli ein annan. Å snakke om tap i hundretusen- eller millionklassen er derfor ikkje relevant og bidreg berre til å skape utryggleik.
Det er også viktig å understreke at fleire av tala Fagforbundet viser til byggjer på scenario der tilsette blir flytta til innskuddspensjon. Det er ikkje det denne saka handlar om, og blir derfor eit blindspor i debatten.
KLP er ein solid aktør, men det er ikkje automatisk ein fordel å vera eigar. Som eigar må kommunen årleg betale inn eigarbidrag, og i verste fall stille med meir kapital dersom avkastninga sviktar. Vel vi ein ekstern leverandør, er det andre som tek denne risikoen. Å framstille eigarskap som udelt positivt utan å nemne kostnadene og forpliktingane, gir eit ufullstendig bilete.
Fagforbundet hevdar at anbod er «risikabelt» eller «dyrt». Dette stemmer ikkje med erfaringane. Både Øygarden, Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden og Vestland fylkeskommune lagt tenestepensjonen ut på anbod. I følge Fagbladet har Vestland fylkeskommune spart mellom 10 og 12 millionar kroner berre i 2023, i tillegg til å frigjera hundrevis av millionar i bunden eigenkapital og premiefond. I Øygarden slår ein fast at kommunen sparer pengar, medan dei tilsette får akkurat den same pensjonen som før. I tidl. Meland fekk ein gode innsparingar, sjølv når KLP vant anbodet. Konkurranse verkar, og tryggleiken i pensjonen til dei tilsette er uendra.
EFTA sitt kontrollorgan, ESA, meiner dessutan at kommunane i utgangspunktet er pliktige til å gjennomføre anbod på tenestepensjon, fordi beløpa ligg langt over tersklane for offentlege innkjøp. Både Konkurransetilsynet og KS peikar på at tenestepensjon bør konkurranseutsettast, både av omsyn til lovverket og for god forvaltning av fellesskapet sine midlar.
Før vi kuttar tenester til innbyggjarane eller vurderer eigedomsskatt, må vi hente ut alle mogleg innsparingar som ikkje rammar folk. Å teste marknaden for pensjon er ei slik innsparing – heilt utan konsekvensar for dei tilsette.
Det verste som kan skje, er at vi endar med same leverandør og same pris. Det beste er at vi sparer fellesskapet for store summar utan å røre pensjonen til ein einaste tilsett. Det finst ingen god grunn til å la vera.