Herold

– Dei gjer ein sinnssjukt tung jobb og burde fått høgare løn

Plus
Kilde: NH Author: Trond Spurkeland Published: 2025-12-04 11:09:03
– Dei gjer ein sinnssjukt tung jobb og burde fått høgare løn

Skattelistene for 2024 vart offentleggjort onsdag. Spesielt ei gruppe blir trekt fram for at dei burde hatt høgare løn.

Ikkje sjanse

Meir løn til helsearbeidarar

Annette Arvidsson jobbar på helsekostbutikken, Life, i Knarvik. Ho meiner lærarar og helsearbeidarar fortener betre løn. Arvidsson jobbar i tillegg innan helse sjølv, og veit kor skoen trykker.

– Dei gjer ein sinnssjukt tung jobb og burde fått høgare løn, seier butikkmedarbeidaren.

Skatt har ho ingenting i mot, men fortel at ein skattesmell ikkje var så kjekk å betale.

– Er du nøgd med løna di i dag?

– Den er helt ok.

Anne Molvik trivst i jobben på parfymeriet, men meiner løna i servicebransjen burde vore høgare.

– Dei som jobbar i serviceyrke burde få høgare løn, sidan dei yter god service og må ofte stå mykje gjennom arbeidsdagen, seier Molvik.

Ho ønsker at vanlege folk skal få det litt betre økonomisk.

*– Kva med skatt, betaler du den med glede? *

– Eg betaler skatt med et smil, fortel ho.

Artikkelen held fram under lista.

Smartembed for https://www.nordhordland.no/api/graff/v1/component/skatt-teaser/

Molvik har eit avslappa forhold til skattelistene og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om dei.

*– Driv du med sparing då? *

– Nei. Eg har eigentleg ikkje sjanse når eg blir trekt 42 prosent i skatt.

Etter to år med fallande kjøpekraft i Norge, mykje grunna høg inflasjon og renteauke, var lønsveksten høgare enn prisveksten i 2024.

Samstundes påverkar høge buutgifter kjøpekrafta til store delar av befolkninga.

– Dei har mykje stress å takle.

Mariell Tufte er lærling på Power Knarvik og er nøgd med løna si.

– Hadde eg fått høgare lønn, hadde eg berre kjøpt meir julegåver, seier ho.

Tufte har hatt fleire mindre jobbar tidlegare og skattelister er ho ikkje oppteken av.

*– Kva yrkesgrupper meiner du fortener høgare løn enn i dag? *

– Dei som jobbar innan helse. Dei har mye stress og dei gjer ein veldig god jobb for oss, fortel 17 åringen.

*– Og så skatt, betaler du den med glede? *

– I det heile ikkje. Eg synest ikkje det er gøy å betale skatt, men så er det veldig greitt med gratis sjukehus då, understrekar ho.

Kim Robert Fureli frå Ostereidet og har nyleg bytta jobb og er no i restaurantbransjen. Han meiner denne bransjen burde fått høgare lønn, men bruker lite av tida si på skattelistene. Men er økonomisk bevist og sparer både i fond og til pensjon.

– Men om du hadde fått 100.000 i lønspåslag. Kva hadde du brukt dei til?

– Dei hadde eg nok brukt til nedbetaling av lån.

Dei har satsa hardt på draumen: Så mykje tente gründerane i fjor Dei har tent millionar på å få folk til å le Desse var rikast i Nordhordland og Gulen i fjor 72 unge i regionen hadde over millionen i inntekt i fjor Så mykje tente kommunetoppane i fjor