Herold

Må vera budde på å betala lønn med kassakreditt

Plus
Kilde: NH Author: Synne Grimen Hammervoll Published: 2025-12-04 12:55:18
Må vera budde på å betala lønn med kassakreditt

Kommunen må ta drastiske grep for å sikra betalingsevnen framover.

Treng betalingsevne

Lønn på kreditt

– Når me får ei sak som dette på bordet, er det grunn til å heisa to flagg; eitt raudt og eit grønt. Det er sjølvsagt alvorleg at me er i ein situasjon der me må gjera vurderingar som dette. Det betyr at me har kome ganske langt på ei reise som må snuast. Samstundes er det bra me får saka opp i tide, slik at me ikkje står der og alt brenn, seier Stian Lavik (KrF).

Saka i bordet er at kommunedirektøren ber om fullmakt til å frigjera kommunen sine sparepengar, bruka dei ved behov og i særleg pressa situasjonar, kunna bruka kassakreditt for å kunna fylla betalingspliktene sine.

– No bør alle alarmklokker ringa. Me er på felgen økonomisk, seier Nils Marton Aadland (H).

Kommunen sin likviditet er under sterkt press. Pengane på disposisjonsfondet er i stor grad bunde opp i ulike fond, og ved å frigjera dei, vil kommunen auka betalingsevnen sin.

Dette handlar i all hovudsak om å til ei kvar tid ha nok pengar lett tilgjengeleg til at kommunen kan betala ut lønn til sine tilsette.

Kommunen sine driftsutgifter vert i hovudsak dekt av rammetilskot og skatteinntekter dei får utbetalt frå staten, men det kan vera periodar der pengane ikkje har kome inn før kommunen har store utbetalingar.

I slike periodar må kommunen framleis ha betalingsevne, og då må dei bruka av sparepengane på disposisjonsfondet.

Utfordringa er at desse pengane i stor grad er bundne opp i andre fond, og kommunestyret må godkjenna bruken. Difor ber kommunedirektøren no om fullmakt til å gjera nettopp det.

Han ber om tre ulike fullmakter. To av dei er knytte til sparepengane: Å kunna frigjera midlane, å kunna plassera pengane kortsiktig i fond for å få mest mogleg avkastning, men samstundes kunne henta dei raskt ut.

Den mest dramatiske fullmakta han kommunedirektøren ber om, er å kunna bruka kassakreditt for å oppfylla betalingsforpliktingane til kommunen, i periodar der likviditeten er under særleg press.

Det er kostbart, og han er klar på at alle andre moglegheiter vert vurdert før det er aktuelt å bruka kassakreditt. Men det kan altså vera naudsynt for å kunna betala lønn og andre utgifter.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å gje kommunedirektøren desse fullmaktene. Saka skal avgjerast i kommunestyret 18. desember.