Herold

Julegåve-suksess for «Smaken av Nordhordland»

Plus
Kilde: NH Author: Oddbjørn Rosnes Published: 2025-12-05 13:40:27
Julegåve-suksess for «Smaken av Nordhordland»

Det er travle tider på «Gløde» på Frekhaug. I løpet av dei neste dagane skal mengder av posar med lokal mat og drikke pakkast og køyrast ut. Julaftan blir posane å finna under hundrevis av juletre i bygd og by.

Skaper ein suksess

Regionen samla

Spanande nettverk

Elleve av tretti

Kjekt arbeid på Gløde

Bak den lange pakkedisken i vekstbedrifta like ved Frekhaug senter jobbar André, Linn-Therese og Patrick rutinert og raskt. Eit glas salatost der, så eit flott stykke røykelaks, ei flaske fargerik eplesaft, eit glas honning, ein pakke havregryn ….

Til slutt er den romslege papirposen full. Får ei sløyfe i toppen før han går til lagerrommet i vente på utkøyring.

– Eg har blinka meg ut nokre varer som eg godt kunne tenkja meg å prøva sjølv. Det ser verkeleg godt ut, smiler Linn-Therese Vabø.

André Risa Stam, Linn-Therese Vabø, Patrick Aarra Ophaug og kollegaene på Gløde har hendene fulle. Og veit at dei er med og skaper ein suksess. «Smak av Nordhordland» står det på pakkane dei lagar til. Og inni pakken er det mat og drikke levert frå lokale småskala-produsentar i Nordhordland Biosfæreområde.

– Dette er varer som skal ut til bedriftskundar, som skal ha det som julegåver til sine tilsette og kanskje samarbeidspartnarar. Det er veldig flott for oss på Gløde å vera del av det samarbeidet som no utviklar seg rundt lokalmat frå distriktet.

Det seier Mariann Kvalheim, avdelingsleiar på Gløde.

Prosjektet med lokalmat til bedriftskundar starta som eit lite forsøk i fjor før jul. Eit år seinare har det vakse mange hakk.

Sentralt i arbeidet står Region Nordhordland Interkommunale Selskap. Eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. «Gløde» er altså ei anna viktig brikke i samarbeidet, og den tredje partnaren er forretningsutviklaren Klar Bedrift i Sløvågen.

– Me kjem til å senda ut rundt 800 pakkar til bedrifter. Dei fleste i Nordhordland, men og ein del i Bergen, seier Mariann Kvalheim.

– Faktisk er det slik at me no har måtta seia nei til mange som ringjer og spør. Me greier ikkje å levera meir, det heng sjølvsagt litt saman med kor mykje varer me kan få frå dei lokale mat- og drikkeprodusentane.

For Region Nordhordland IKS er suksessen med julegåvene eit prov på at det er ein stor marknad for lokalprodusert kvalitetsmat.

– «Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære» er eit nettverk av lokale produsentar. Me byrja arbeidet i 2018, og dei siste åra har det vorte jobba aktivt for å få Smak av Nordhordland etablert som ei merkevare. Det følest som om me er godt i gang no.

Det seier Hildegunn Opdal frå Region Nordhordland IKS.

– For produsentane i området er det veldig viktig å sjå at ein oppnår noko gjennom samarbeid. Dei leverer sjølvsagt mykje av produksjonen sin direkte frå eigen gard eller eiga verksemd og gjennom andre kanalar. Men dette samarbeidsprosjektet løftar fram produkta og gjer regionen synleg, seier Opdal.

– Alver næringsfond har gitt oss viktig støtte og draghjelp i etableringsfasen. No føler me at me på mange vis er i ferd med å støypa ein solid grunnmur for ei samla marknadsføring av produkta frå Nordhordland.

Produsentane som har levert til årets firmagåver er Solvang Gardsmat, Tveita Gardsmat, Molvik Gard, Alverhonning, Aufera, Slettevollen Gardsysteri, Tøsse Mølle, Aktiv i Modalen, Leiren Laks, Skøssn Gard og Osterøy Ysteri. Men til saman er det over 30 lokale produsentar som no er med i samarbeidet om «Smak av Nordhordland».

Knut Ole Tredal er forretningsutviklar i Klar bedrift, og ei av oppgåvene hans er å byggja nettverk mellom lokale verksemder.

– Eg er ikkje i tvil om at samarbeid er svært viktig for at kvar einskild bedrift skal kunna utvikla seg. Desse «julepakkane» er eit døme på kva ein kan få til når ein har eit felles mål for auga, seier Tredal.

– No er kanskje ikkje 800 pakkar eit astronomisk resultat isolert sett. Men det fortel noko om potensialet, og når eg snakkar med produsentane merkar eg stor optimisme og pågangsmot, seier Tredal.

– Det er jo veldig oppmuntrande å sjå at varene ein lagar verkeleg er etterspurt.

Bedriftsgåve-prosjektet skal evaluerast i januar. Ikkje minst for å henta inn produsentane sine erfaringar.

Men bak pakkedisken på Frekhaug har dei tilsette førebels meir enn nok med å tenkja på denne jula, og alt som skal ut til kundane.

– Dette er veldig fint arbeid, og ei avveksling frå det me gjer elles i året, seier André Risa Stam.

– Og så skal det sjå fint og skikkeleg ut, seier Patrick Aarra Ophaug og gjer klar ein ny pose.

Julaftan skal det dei pakkar og laga til, skapa glede og metta magar i hundrevis av heimar. Om mottakarane greier venta heilt til julekvelden.