Markering på Vangen: – Me treng alle gardane
Plus
Folket stimla saman i solsteiken for å markera 1. mai på Vangen. I kjend stil vart det arrangert både tog og talar.
Mellom lokalpolitikarane som har teke turen, er Dag Sandvik (SV) som går under slagordet: «Me treng alle gardane.»
På spørsmål om kvifor han vel å gå i tog, svarar han fylgjande:
– Fyrst og fremst fordi eg trur det er lurt at ein har nokre skikkelege møteplassar og samlingspunkt rundt det 1. mai står for. Det er kanskje blitt ei mangelvare i våre dagar.
– Og du går under gardsfana i dag?
– «Me treng alle gardane.» Det tenkjer eg er ei viktig sak. Det handlar spesielt om dei små bruka som slit litt i møte med landbrukspolitikken som har blitt ført i mange år her i landet.
- mai
Går for Palestina
Ein av mange som går under Palestina sitt flagg, er Inge Hommedal.
– Eg ser den uretten som skjer – og ser på drepne, og okkupert land på begge sider. Eg heiar på den som lir mest, uavhengig av religion og livssyn. Humanismen er mitt livssyn.
– Ein viktig kampdag
Anne Helene Skorve og Sidsel Vinsander også på plass.
– Kvifor går de i toget?
– Fordi det er ein viktig kampdag. Det er i dag ein må kjempa for rettigheiter, og ta vare på dei rettigheitene ein har kjempa for gjennom tidene, seier Vinsand.
Tid for talar og musikk
På torget har Niklas Giljarhus teke fram gitaren, og spelar fleire songar som handlar om alt frå å halda saman, til det at den vakraste staden på jorda – er den staden ein kjem frå.
Elles er både tog og torg også fylt med tonar i regi av Voss musikklag.
– For oss er svaret klart
Bridget Penny(R) talar om internasjonale så vel som lokale utfordringar.
– Me lever i ei tid med aukande levekostnadar, der mange kjenner presset – også her på Voss. Når straum- og matprisane stig og kommuneøkonomien vert trongare, treffer det ikkje alle likt. Samstundes ser me prioriteringar som fører til kutt i tenester folk er avhengige av – skule, helse og eldreomsorg. Då må me spørja: Kven ber kostnaden?
– For oss er svaret klart – politikken må tena folk, også lokalt. På Voss handlar det om gode tenester nær folk, trygge arbeidsplassar og levande lokalsamfunn. Difor treng me ei sterk fagrørsle og eit engasjement som held politikarane ansvarlege. Rettferd kjem ikkje av seg sjølv – ho vert skapt når me står saman og krev det.
Dagens yngste arbeidar
Og midt i det heile, sit Eskil Fauskanger Fenne (10).
Han sel armband og øyredobbar som han har perla sjølv.
– Eg har bestilt perlene på nettet, fortel han.
– Når fekk du denne ideen, då?
– For to år sidan.
– Kor mange armband trur du at du har perla så langt?
– Eg veit ikkje, men veldig mange.
Ein av kundane som sikrar seg eit armband, er varaordførar Benedicte Kragh(Ap).
Tala om kvinnehelse
Kragh er også mellom dei som tek til talarstolen.
I hennar appell er det arbeidsrettar knytt opp mot kvinnehelse, som er i fokus.
– Me treng at to kollegaar som blir gravide med eit par månadars mellomrom blir møtte med den same gleda og oppfylginga frå arbeidsgjevar, sjølv i yrke som kan vera ein risiko for fosteret og den gravide. Det kan ikkje vera sånn at den som kjem fyrst får full støtte til å ta ut svangerskapspengar, medan nummer to blir møtt med eit press om å stilla på jobb – for å gjera oppgåver som kunne passa ein sekretær på 70-talet, maskert som tilrettelegging.
Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no