Gras- og lyngbrann i Røldal er sløkt
Plus
Fredag 1. mai klokka 19:40 melder Vest politidistrikt om ein mindre grasbrann ved Haukelivegen, om lag 3 kilometer aust for Røldal.
Brannen, som først vart meldt å vera 15x15 meter, utvikla seg til å brenna av eit område på rundt 60x60 meter.
Røyken frå brannen trekte mot busetnaden i området, men brannvesenet melder like etter klokka 20 at brannen er sløkt. Ifølgje operasjonsleiar Jostein Steinsland-Hauge framstod situasjonen ikkje som svært alvorleg i starten.
🏷️ Extracted Entities (4)
Røldal
(place)
Haukelivegen
(entity)
Jostein Steinsland-Hauge
(organization)
Vest
(entity)