Herold

Klar for ny sesong på Nedkvitne: Medlemstala aukar stadig

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sander Schadenberg Published: 2026-05-01 17:00:00
Klar for ny sesong på Nedkvitne: Medlemstala aukar stadig

Frå 1. mai er golfsesongen i gang på Nedkvitne. Styreleiar i Voss golfklubb, Glenn Hovland, melder om ei stor medlemsauke dei siste to åra.

– Me er nærare 600 medlemmar no. Å koma opp i 650-70 er målet for sesongen, fortel styreleiaren.

På opningsdagen finn me han i kiosken, der ivrige golfarar kan ta seg ei pølse i brød mellom slaga.

– Kva trur du er grunnen til at fleire har byrja med golf?

– Det har vore mykje i vinden både på tv – og som fylgje av at ein har fått gode norske spelarar. For fire-fem år sidan byrja pensjonistane å spela, men 80-90 prosent av dei som byrjar no er under tretti.

Golf gjev meirsmak

Mellom dei 145 spelarane som er registrert på banen i dag, møter me syskenborna Trym Helleland (21) og*Ida Maria Helleland Herre (21)*.

Trym som til vanleg bur i Kongsberg, er på heimebesøk i helga – og fortel at det er fyrste gong han spelar golf på Voss.

– Eg byrja med golf i fjor som fylgje av at det var mange på jobben som dreiv med det. Det er eit godt golfmiljø i Kongsberg, fortel han.

I dag har Trym lært Ida Maria golfteknikk, og ho kan melda om at sporten har gjeve meirsmak.

– Eg kjem til å reisa opp her fleire gongar.

Begge tykkjer noko av det fine med golf, er det sosiale aspektet.

– Og så er det fint å vera ute i sola, seier Trym.

– Eineståande

Etter ein kort gåtur langs dei flotte grasslettene, møter me på ein gjeng som har teke turen frå Sotra; Alf Gunnar Ellingsen, Anne Britt Fane Krog og Kjetil Norheim.

– Me kjem hit fordi dette er den vakraste banen på Vestlandet, fortel Krog.

– Utan tvil, supplerer Ellingsen og Norheim.

Dei skryt også av miljøet i golfklubben på Voss – som Krog skildrar som eineståande.

– Det er alltid god atmosfære her, og kjekke menneske som tek oss imot i resepsjonen.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (11)

Nedkvitne (entity) Trym Helleland (person) Voss (entity) Kongsberg (place) Krog (entity) Ellingsen (entity) Glenn Hovland (person) Ida Maria (person) Maria Helleland Herre (person) Norheim (place) Vestlandet (entity)