Tobias ringde inn om brannen: – Det var litt ekkelt
Plus
Brannvesenet og politiet evakuerte fleire bustadar etter at det begynte å brenne på Leknes i Alver fredag ettermiddag.
Tobias Dragøy (16) var ein av dei som først oppdaga brannen. Då var klokka kring 15.10.
– Eg var heime og så kjente eg røyklukta, fortel han til NH.
Han bur eit av husa som ligg nærmast inn mot brannstaden nokre hundre meter frå Leknes skule. Samstundes som Dragøy kjente røyklukta, kom ein nabo på døra.
– Han lurte på om det var vi som hadde tent på noko.
Varsla om hendinga
Tobias handla raskt etter at han oppdaga brannen. Han ringde brannvesenet og fortalde dei kor brannen var.
– Dei bad meg om å filme kor brannen var, så då gjorde eg det. Den var kring 150 meter frå huset vårt.
Han innrømmer at det er ein spesiell følelse å vere så tett på ein brann som det han var fredag.
– Det er litt ekkelt å tenke på at brannen er så nære huset vårt.
Etter at han oppdaga brannen blei Tobias og fleire andre naboar evakuerte frå staden. Når NH snakkar med han har 16-åringen måtte evakuere opp til Leknes skule.
Store mannskap frå fem ulike einingar rykte ut til det vanskelege terrenget, og klokka 16.53 vart brannen meldt under kontroll.
Sløkkingsarbeidet kravde innsats frå land og sjø, og mannskapa hindra vidare spreiing til busetnaden, og dei evakuerte kunne vende tilbake til heimane sine klokka 17.20. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.
Brannvesenet arbeider no med ettersløkking.