Eg håpar fylkestinget blir fullt av slike som han Oksvik
Plus
Appell ved Oksvik-statuen på Sunndalsøra 1. mai.
Kameratar
Slik som meg, så vaks han Han Olav Oksvik opp på gard på Sunnmøre. Men som dokker veit så brydde han Oksvik også seg om Nordmøre, og Aura-vassdraget vart veldig tidleg ei viktig politisk sak for han. Han var opptatt av energipolitikk og eg er ganske sikker på at han ikkje hadde likt den energipolitikken vi har no. Han hadde nok meint at vi som bur her og som har alt regnet, og vassdraga og fossane, skulle ha billigare straum. Han hadde nok meint at verket skulle vere sikra ein straumpris som gav ein solid konkurransefordel med utlandet, Han hadde vore i mot at det vart eksportert så mykje straum ut av landet. Han Oksvik forstod at det å ha tilgang til RIKELEG OG RIMELEG kraft var avgjerande for at det kunne vere grunnlag for aluminiumsverket her i Sunndal. Så hovudgrunnen til at det står ein statue av han Olav Oksvik her, er at han stod i spissen for prosessen som første til at Sunndalsøra blei ein industristad, med mange arbeidsplassar. Og ei sterk fagrørsle.
Han Oksvik var svært skeptisk til stormaktpolitikk. Han sitt alternativ var det nordiske.
Derfor var han skeptisk til NATO, og ville heller ha eit nordisk forsvarsforbund. No har som kjent både Sverige og Finland gått inn i NATO, men nettopp det kan faktisk fremme Oksvik sin tanke om ein nordisk allianse. Innanfor ramma av NATO er dei nordiske landa i ferd med å utvikle eit nært forsvarssamarbeid. Om Trump greier å øydelegge NATO, kan nettopp dette nordiske samarbeidet vere kjerna i ein ny sikkerheitspolitisk allianse som tener norske interesser og i større grad enn NATO bygger på våre demokratiske verdiar.
Når han Oksvik levde var det ikkje så mykje snakk om miljøpolitikk. Men han var ein praktisk mann, og han ville nok ha vore uroa over at Sunndalsfjorden er redusert som levande spisskammers og beredskapslager. For sidan 2022 har det blitt frakta kring 30 tusen tonn PFAS-forureina jordmassar til deponiet på Raudsand. PFAS er ei gruppe fluorhaldige kjemikaliar som vert rekna som evigvarande. Når desse giftstoffa lek ut i naturen, blir dei verande i næringskjeden, til skade for både menneske og miljø. Ein skulle tru at når gift skal ryddast i, så må det gjerast skikkeleg. Men det er uklart om deponiet på Raudsand er eit trygt sluttdeponi, eller om vi får nye lekasjar av sigevatn til Tingvoll-Sunndalsfjorden. Dette kan vi ikkje akseptere, og må berre halde fram med å seie i frå om det.
Han Oksvik var ein folkeleg mann. Morfaren min snakka varmt om han Oksvik, og fortalde at han snakka med han Oksvik ved fleire høve når dei begge var ute på reis.
Og slike politikarar treng vi. Neste år er det fylkestingsval og nominasjonsarbeidet er allereie i gang. Då håpar eg fylkestinget blir fullt av slike som han Oksvik - som lyttar til folk, og som bryr seg om heile fylket frå nord til sør og sør til nord. Vi i SV har i alle fall nokre gode kandidatar til det, og det har kanskje dei andre raudgrøne partia også?
Han Oksvik var med på å bygge landet etter krigen. Og vi har gjort mykje rett i Norge. Vi har eit arbeidsliv bygd på samarbeid mellom fagforeiningar, arbeidsgjevarforeiningar og staten. I forhold til mange land i Europa har vi høg organisasjonsgrad, lav arbeidsløyse og ein sterk velferdsstat. Men Norge si tilknyting til EU utfordrar arbeidslivspolitikken vår. Kampen mot sosial dumping har vorte vanskeligare for fagrørsla på grunn av EØS. Fagrørsla misser makt og påverking på grunn av importert EU-politikk. Fri flyt av arbeidskraft og tenester, fri etableringsrett og forbod mot konkurranseregulerande tiltak har gjort arbeidslivskriminalitet og sosial dumping lettare. Som eit resultat av den frie etableringsretten ser vi selskap med uklar eigarstruktur, kritikkverdige arbeidskontrakter og ein auke i at mange må ha sitt eige enkeltpersonforetak i stadenfor ein fast jobb, der eigentleg vanlig fast tilsetting burde ha vore normalen.
La oss halde fram med å kjempe for arbeidarrettar, demokrati og velferd! Vi treng eit trygt og ryddig arbeidsliv, der Norge kan ta vare på arbeidarane sine rettar utan innblanding frå EU. Og då må vi i det minste bruke vetoretten mot EU-politikk som svekker rettigheiter i arbeidslivet.
Eg vart imponert første gongen eg var med på 1. mai-feiring i Sunndal, og er det framleis. Det må vere den flottaste i heile fylket. Her er veldig mange som flaggar.
Det er flott program frå morgon til kveld og det er eit flott tog, der det brukar å vere mange som går. Og det er bra, for kvart år er det nokon som vil ta dagen i frå oss.
Men det får dei ikkje. Dette er den dagen i året som er avsett til å sette søkelys på dei sakene vi kjempar for.
Så ta vare på den stolte 1. mai-tradisjonen her.
Gratulerer med kampdagen – den er viktigare enn på lenge!