– Det er farleg med den sterke vinden
Plus
Nødetatane rykte fredag ettermiddag ut til ein gras- og lyngbrann ved Storneset på Leknes,
Grunna mykje vind i området evakuerte brannvesenet og politiet fleire titals bustadar i byggefeltet som ligg nærmast brannstaden.
Fleire tok med seg husdyr og klede til evakueringsstaden på rådhuset i Knarvik. Fleire var midt i den verste røyken då dei raskt måtte komme seg unna.
Brannen starta i eit skogholt nokre hundre meter ned mot fjorden frå Leknes skule. Skogen er tett og det er vanskeleg å komme til for brannvesenet.
Fekk kontroll
Det har vore store mengder mannskap i aksjon frå brann og politi etter meldinga om brannen kom.
Klokka 16.53 kom meldinga om at ein hadde fått kontroll på brannen, men at det vidare sløkkingsarbeidet var vanskeleg.
– Det er eit vanskeleg terreng og brannen kan fort blusse opp att, melde operasjonsleiar i politiet.
Det er ikkje meldt om skader på personar eller bygningar, og bebuarane kunne returnere til heimane sine i 17-tida. Brannvesenet vil halde fram med ettersløkking i det ulendte terrenget utover kvelden for å hindre at brannen blussar opp att.
Alle kom heim
Innsatsleiar i Nordhordland brann og redning, Nils Medaas, fortel til NH klokka 17.25 at det var fem einingar i aksjon frå Nordhordland og bysida.
– Det er betre å ha fleire på veg enn at ein står med lua i handa når det plutseleg blir veldig alvorleg, seier Medaas.
– Det er farleg med den sterke vinden og det kunne ha gått med hus om vi ikkje hadde fått kontroll raskt.
Det er uklart kva som har starta brannen.