Herold

God 1. mai!

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kjartan Haugsnes, leiar i Vaksdal SV Published: 2026-04-30 11:40:59
God 1. mai!

LESARINNLEGG: SV si hovudparole pÄ 1. mai i Är er «Folkemakt mot pengemakt».

Ei forsliten frase kan ein kanskje tenkje, men den har aldri vore meir aktuell. Aldri har det vore fleire superrike i Noreg, og aldri har det vore so mange som slit med Ä fÄ endane til Ä mÞtast. HÞgresida prÞver Ä halde narrativet oppe om at formuesskatten er det viktigaste Ä fjerne.

Noreg er allereie i dag eit skatteparadis for dei rikaste. SjÞlv om formuesskatten er pÄ 35 milliardar kroner, er skatt pÄ heilt vanleg inntekt, trygd og pensjon mykje hÞgare. Statistikarane i SSB og andre lurer oss til Ä tru at prisane i gjennomsnitt ikkje aukar, dÄ kinesiske elbilar vert billigare medan maten i handlekorga vert dyrare. Kven som tener pÄ kva er innlysande.

Noregs Bank vert ĂČg framstilt som eit objektivt og uangripeleg organ utan politiske bindingar. Ikkje noko kunne vore meir feil. Med Ă„ setje inflasjonsmĂ„let pĂ„ 2 % mĂ„ renta eller arbeidslĂžysa opp. I ei tid med hĂžg sysselsetjing er svaret gjeve. Men det er ikkje «nĂžytralt» eller apolitisk noko av delane.

Formuesskatten utgjer om lag 11 milliardar kroner til norske kommunar. Den finansierer del av vĂ„r velferd, skule, barnevern og eldreomsorg kvar dag. Å redusere kommunane sine inntekter med 11 milliardar kroner vil vere ei Ăžkonomisk katastrofe.

Velferdsstaten er eit solidaritetsprosjekt finansiert av skatt. Denne omfordelinga er sjÞlve grunnlaget for det samfunnet Norge er og har vore dei siste 60 Ära. No slÄr denne solidariteten sprekker. Dei som har mykje vil bidra mindre og dei som har lite fÄr ikkje den hjelpa dei treng. NÄr NAV bruker 20 veker pÄ Ä betale ut sjukepengar, men skatteetaten brukar tre veker pÄ Ä godkjenne likninga di er det vakse fram systematiske feil i fellesskapet. Dette er politikk.

NÄr nokon kan eige 10 000 bustader er heimen til folk slutta Ä vere «heim», men eit spekulasjonsobjekt. Det er politikk.

NÄr matvareprisane stig og bÞndene stadig fÄr mindre. Det er politikk.

NĂ„r renta pĂ„ bustadlĂ„net ditt stig og DNB tener 1 milliard kroner i veka, er det ĂČg politikk.

NÄr straumprisen varierer med 5 kroner for kvar kWh alt etter kvar ein bur i landet, er det politikk.

NÄr offentlege selskap opptrer som private, er det politikk. Hugs at Eviny berre er ein kommune i forkledning.

Derfor seier vi «Folkemakt mot pengemakt». For lenge har dei med kapital fÄtt bestemme i kva retning fellesskapet vÄrt skal gÄ, kven som skal betale og kven som skal fÄ.

God 1. mai

Kjartan Haugsnes, leiar i Vaksdal SV

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

DNB (entity) Eviny (entity) Kjartan Haugsnes (person) Noreg (entity) Noregs Bank (organization) Norge (entity) SSB (entity) Vaksdal SV (organization)