Held auge med brannområdet: – Framleis litt varme igjen i fjellsida
Plus
Brannhelikopteret avslutta seint torsdag kveld. Brannvesenet i Aurland har fredag sjekka området ved Krossnes.
– Det er framleis litt varme igjen i fjellsida. Me kjem til halda fram med observera utover dagen, i samarbeid med båttrafikken, seier Tor Mikkel Tokvam i Aurland brannvesen.
Det var torsdag ettermiddag det vart meldt om skogbrann ved Nærøyfjorden, og brannmannskapet jobba utover kvelden med å få slått ned brannen. Sløkkingsarbeidet er avslutta og helikopteret returnerte til Voss i 21-tida torsdag. Det er eit ganske stort område som har brunne.
– Det er litt spreitt, og ikkje store samanhengande flater som har brunne. Men det har brunne nokre 100 meter opp i terrenget, i ein breidde på eit par hundre meter.
Greier ikkje ta seg opp til brannen: – Må ha hjelp
Krossnes ligg ved Nærøyfjorden og er ein vanleg stoppestad for kajakkpadlarar. Meldinga om brann kom frå eit følgje med padlarar, og ein person måtte til lege med brannskader på hendene.
Brannmannskapet måtte ta seg til staden med båt.
– Når me fekk inn helikopter, fekk me raskt kontroll på spreiingspotensialet. Med brann i terrenget sit varmen godt ned i bakken, så det tek si tid. No held me auge med området utover dagen, seier Tokvam.
Skogbrann i Aurland, ein person frakta til lege
Sløkkinga held fram utover kvelden: – Me har ikkje 100 prosent kontroll