Herold

Turistbåt trefte sjømerke i Nærøyfjorden

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Keth Øren Published: 2026-05-01 09:42:53
Turistbåt trefte sjømerke i Nærøyfjorden

Fredag morgon kom Legacy of the Fjords borti eit sjømerke ved Bakka i Nærøyfjorden.

Det melder Norway's Best i ei pressemelding.

Uhellet skjedde ved Bakka rundt kvart over ni fredag morgon, og fartøyet var på veg med 11 gjester ombord frå Gudvangen til Flåm.

Det oppstod skader i skuteside og rekkverk, men det er ikkje meldt om skader på gjester eller mannskap.

– Uhellet medførte heller ikkje utslepp eller ureining. Det var ingen dramatikk og fartøyet hadde ikkje behov for assistanse. Legacy of The Fjords kunne derfor halda fram turen til Flåm med gjestene. Fartøyet blir teke ut av trafikk inntil vidare for å utbetra skadane, står det i pressemeldinga.

John Vonli, dagleg leiar i The Fjords, seier til Sogn Avis i 11.30-tida at fartøyet kom til kai for ei lita stund sidan, og at dei vil starta undersøkingar.

Han kan førebels ikkje seia så mykje meir om kva som førte til samanstøyten.

– No skal me kartlegga både årsak og omfang, og få reparert båten. Me vil også ta vare på mannskapet, seier Vonli.

I første omgang er det snakk om undersøkingar internt, men det utelukkar ikkje at politiet blir involvert.

– Me finn fort ut av om det er naturleg å kopla inn politiet. Terskelen for det er låg, seier Vonli.

Det er uvisst kor lenge fartøyet vil vera ute av trafikk.

– Turane i dag og i morgon blir kansellerte, og så får me sjå kor lang tid det tek å reparera, seier Vonli.

🏷️ Extracted Entities (7)

John Vonli (person) Legacy of The Fjords (organization) Nærøyfjorden (entity) Bakka (entity) Flåm (entity) Gudvangen (entity) Norway's Best (organization)