Fellesskapen og vårt felles ansvar
Plus
- mai er så mykje meir enn ein fridag. Det er ein felles kampdag som samlar folk under faner, parolar og fellesskap. Ein dag der vi minner kvarandre om kvifor organisering, solidaritet og sterke fellesskap framleis er nødvendig – også her på Vestlandet.
Stor uro og raske endringar pregar tida vi lever i. Krigen i Europa, krisa i Midtausten og ei svekt internasjonal rettsorden set spor, også i kvardagen vår. Tryggleiken blir utfordra, prisane stig, og mange kjenner på større uvisse enn før. Når verda framstår meir uføreseieleg, blir tydinga av sterke fellesskap endå klarare.
Arbeidarrørsla har alltid løfta blikket utover seg sjølv. Vår solidaritet stoppar ikkje ved kommune- eller landegrenser. Nettopp difor er 1. mai viktig. Vi løftar blikket og minner kvarandre om at kampen for verdige livsvilkår er både internasjonal og høgst lokal.
Difor støttar FO også Norsk Folkehjelp si 1. mai-aksjon, som i år går til Sudan. Der arbeider lokale krefter for å halde lokalsamfunn saman, midt i ei alvorleg humanitær krise.
Kjernen i arbeidarrørsla sitt prosjekt er enkel: Vanlege folk skal ha reell makt over eigne liv – fridom til arbeid, inntekt og deltaking. Det er dette som har bygd rettar, velferd og tryggleik. Desse verdiane høyrer ikkje berre historia til. Dei blir utfordra i dagens samfunnsdebatt, også her heime.
Forslaget om å fjerne 1. mai som offentleg fridag har skapt sterke reaksjonar, særleg etter utspel frå KrFU-leiaren. Å redusere dagen til eit spørsmål om økonomi eller politisk nøytralitet er å oversjå kva han faktisk representerer, nemleg rettar, fellesskap og solidaritet i arbeidslivet, og grunnlaget for velferdsstaten.
For FO og våre 38 000 medlemmer på landsbasis er dette heilt konkret. Sosialarbeidarar i barnevern, NAV, skule, helse og omsorg møter konsekvensane av politiske prioriteringar kvar einaste dag. Når skilnadene aukar, møter dei menneska som blir ramma. Når systema sviktar, er det dei som står i det.
Årets lønsoppgjer handlar om meir enn kroner og øre. Det handlar om kven som får utteljing for jobben dei gjer, og kven som betaler prisen når ressursane ikkje strekk til.
For fleire forbund handlar oppgjeret også om forskotering av sjukepengar, og om retten til økonomisk tryggleik når ein blir sjuk. FO kjempar for betre løn for sosialarbeidarar, ei løn som fak tisk speglar utdanning, ansvar og kompetanse.
Samstundes står vi opp for frontfagsmodellen og eit samfunn med små skilnader, fordi vi veit at store skilnader svekkjer tillit og fellesskap. Forsøka på å opne for større lønsskilnader i offentleg sektor går i feil retning. Når skilnadene i arbeidslivet aukar, aukar dei også i samfunnet elles. Det er verken berekraftig eller anstendig.
Tryggleik på jobb er ei anna grunnleggjande sak. Altfor mange sosialarbeidarar opplever vald og truslar. Drapet på Tamima Nibras Juhar i fjor viste brutalt kva som står på spel. Tryggleik kan aldri vere den enkelte sitt ansvar – det handlar om system, leiing, bemanning og reelle risikovurderingar.
Ingen skal gå på jobb og vere redde. Samstundes står Vestland framfor viktige vegval lokalt. Det er kommunane som leverer velferda der folk bur. Når kommuneøkonomien blir pressa, går det utover tenestene, arbeidsmiljøet og tilliten. Skal vi lukkast, må fagfolk få tillit og handlingsrom – og kommunane må få høve til å prioritere heilskapleg og førebyggjande. Førebygging er ikkje ein kostnad vi kan kutte. Det er ei investering vi ikkje har råd til å la vere.
Samstundes treng vi ein offentleg samtale som byggjer opp under denne tilliten. Den siste tida har omgrepet «sløsing» fått stor plass i debatten. Det er viktig at vi ikkje lèt slik retorikk skugge for behovet for å ansvarleggjere kvarandre på ein konstruktiv måte, søkje felles løysingar og stå i eigne prioriteringar.
Når debatten er prega av mistenkjeleggjering, kan det svekkje tilliten til velferdsstaten – ei tillit vi alle er avhengige av. Difor treng vi ein meir nyansert og ansvarleg samtale om prioriteringar, ansvar og bruk av fellesskapen sine ressursar. For velferdsstaten er eit felles ansvar, finansiert og organisert i fellesskap for å sikre likeverdige tenester til alle.
Det er nettopp dette 1. mai handlar om; å stå saman om verdiane som har bygd samfunnet vårt – og å ta felles ansvar for å føre dei vidare.