Slagsmål i sentrum: Blei slått fleire gonger
Plus
Medan dei fleste av oss draumte søtt om fridag og vårsol, hadde politiet meir enn nok å ta tak i natt til 1. mai.
Like før midnatt avbraut politiet ferda til ein mann i 20-åra på elsparkesykkel. Ikkje berre var han rusa, men hadde òg med seg ein passasjer. Saman freste dei bort i kollektivfeltet ved Haugesundgata.
Føraren blei tatt med til politistasjonen for prøvetaking, der promillemålaren slo ut med klar melding. Deretter fekk han dra, men ikkje før politiet hadde oppretta sak.
Òg nattelivet sørgde for litt ekstra spenning for politiet. Ein krangel med vektarar i sentrum enda med at ein tenåringsgut vart bortvist frå sentrum og fekk ein ufrivillig tidleg natt.
Klokka 01:12 måtte politiet rykke ut til Kvalaberg, der ein bil med fire passasjerar hadde teke seg ein uplanlagt tur i grøfta. Uforklarleg nok var både folk og farkost uskadd, og bilbergar fekk bilen på rett kjøl igjen.
I Breigata var to menn involvert i ei valdshending. Ein mann i 30-åra var slått fleire gonger, men trengde ikkje helsehjelp. Politiet melde ein mann i 20-åra for vald, og bortviste han frå sentrum.
Rundt klokka 02:40 stoppa politiet ei kvinne i 20-åra som var bak rattet med promille ved Langgata klokka 02:40. Ho blei tatt med vidare til legevakta for blodprøver.
Video-reel