Herold

Fleire slåstkampar i løpet av natta: – Amper stemning

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marie Haga Published: 2026-05-01 07:09:41
Fleire slåstkampar i løpet av natta: – Amper stemning

Natt til 1. mai skal tilsynelatande den same gjengen ha barka saman minst tre gongar.

Hordaland skreiv fyrst om eit slagsmål mellom ti til elleve ungdommar i Strandavegen. Då politiet kom fram til staden skal ungdommane ha sprunge i alle retningar.

Truleg skal dei same personane ha barka saman også tidlegare denne kvelden.

– Slik me forstår det så er det same gjengen som slåst ved ungdomsskulen rundt midnatt. Seinare var det òg eit slagsmål i Idrottsvegen, informerer politistasjonssjef på Voss, Håvard Skattum.

Slik det framstår i politiloggen skal det ha vore amper og dårleg stemning. Dei involverte er i slutten av tenåra.

– Me opplever ikkje at det har ført til store personskadar, men Røde Kors såg til nokre personar, informerer Skattum.

Ein person vart vist bort

I 02.30-tida fekk politiet tak i ein av personane dei oppfattar som mest aktiv i slåstkampane.

Vedkomande, ein mann i slutten av tenåra, fekk pålegg om å halda seg vekke frå sentrum fram til dagen etter.

Politiet har ikkje oppretta politimeldingar eller straffesaker på hendingane.

🏷️ Extracted Entities (9)

Natt til 1. mai 🏷️ (keyword) Ro og orden 🏷️ (keyword) Slagsmål 🏷️ (keyword) Strandavegen 🏷️ (keyword) Håvard Skattum (person) Idrottsvegen (entity) Røde Kors (person) Strandavegen (entity) Voss (entity)

📊 Metadata

Keywords: Natt til 1. mai, Ro og orden, Strandavegen, Slagsmål