Herold

Slik har Bergen vorte dårlegast i klassen, med dei aller beste intensjonane

Plus
Kilde: BA Author: Sølve Rydland Published: 2026-05-01 04:55:22
Slik har Bergen vorte dårlegast i klassen, med dei aller beste intensjonane

Byutviklinga i Bergen har hamna i ein destruktiv spiral. Heldigvis er det ikkje vond vilje, men eit overdrive rigid regelverk og detaljorienterte politikarar som er grunnen.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

I byutviklingsbebatten iBergen kan det ofte gå ei kule varmt. Både i avisspaltene og kommentarfelta kan karakteristikkane hagla.

Ofte kokar det ned til idiotforklaring av politikarar, saksbehandlarar, arkitektar, leiande byråkratar eller utbyggarar.

Derfor er det gledeleg at nøkterne forskarar ved Høgskulen på Vestlandet no har sett nærmare på eit av dei verkelege problema i byen:

At ting, unnskyld uttrykket, tar jævlig lang tid.

I fjor klatra Bergen nemleg heilt opp på toppen av ei veldig lite attraktiv liste.

Bergen gjekk forbi Oslo og stakk av med posisjonen som den norske storbyen der private utbyggarar må bruka desidert mest tid på å få gjennom ein reguleringsplan.

I 2025 hadde det i gjennomsnitt gått 2212 dagar frå utbyggarar med friskt mot og meir eller mindre blanke ark, stilte på oppstartsmøte for å få i gang planarbeidet, til bystyret gjorde endeleg vedtak i saka.

2212 dagar er alvorleg lenge, det. Det er meir enn 6 år.

Me snakkar heller ikkje om at det tar seks år før du får starta å bygga. Nei, det tar seks år før ein får starta med den neste tidkrevjande prosessen; nemleg å søka om å få bygga.

I dei allerfleste norske kommunar går dette langt raskare. I 2024 var tok det i snitt 1004 dagar å få gjennom ein slik plan.

Rett skal vera rett. Dette er ein statistikk som samanliknar eple og elefantar. Det er ofte langt meir komplisert å laga reguleringsplanar i urbane byområde enn i perifere landkommunar, og det er stor skilnad på både omfanget og kompleksiteten i slike planar.

Likevel finst det døme på storbyar som er langt meir smidige enn Bergen.

I Stavanger brukar ein nemleg i snitt 1000 dagar mindre enn Bergen på den same prosessen. Det som i gjennomsnitt tar seks år og ein månad i Bergen, tar tre år og fire månader i Stavanger. BA Snakk 30. april

Dette er heller ikkje uoppnåeleg her i byen. Før 2020 hadde nemleg Bergen og Stavanger om lag den same saksbehandlingstida.

No har altså forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, på oppdrag frå Bergen næringsråd, gjort eit heiderleg forsøk på å finna ut kvifor det går så frykteleg treigt i Bergen.

Dei har snakkamed ekte utbyggarar, ekte plankonsulentar, og ekte kommunale saksbehandlarar, for å få svar på kor skoen har trykka i ti heilt ekte planprosessar.

Medan den mest effektive av dei aktuelle planprosessane tok 2,7 år, varte den mest langtekkelege i nesten 16 år.

Det kanskje mest oppløftande forskarane har funne ut, er at både utbyggarar, innleigde konsulentar og kommunale saksbehandlarar delar den same frustrasjonen.

Ja, dei er skjønt einige om det viktigaste: Prosessane går for treigt. Og: Det må gjerast noko med.

Dei er ògeinige om at det ikkje først og fremst er samarbeidsklimaet eller tilliten mellom dei ulike aktørane som er problemet.

Slik har det ikkje alltid vore.

Så seint som i 2021 viste ein konsulentrapport laga for Bergen næringsråd at relasjonen mellom utbyggarane og dei kommunale saksbehandlarane hadde utarta til eit nærmast fiendtleg nivå.

I den nye rapporten kan ein i staden lesa om private konsulentar som kjem med skryt av profesjonaliteten og kvalifikasjonane til dei erfarne saksbehandlarane i kommunen, og at møtet med Plan og bygningsetaten er meir positivt enn tidlegare.

I den grad nokon får kjeft i rapporten, ja, så er det politikarane i bystyret som får gjennomgå.

Ein oppgitt anonymisert utbyggar kan fortelja:

«Når saken går til politisk behandling, er det fullstendig «lotto». Der vi har brukt hundrevis av timer med fageksperter så vel som medvirkning og prosesser for å utforme alle detaljene, så kan det bli endret med et pennestrøk».

I staden er ønsket at politikarane skal komma tidlegare på bana, men ha ei meir overordna og strategisk tilnærming.

Alt tyder på at det berre er politiske endringar som kan få Bergen ut av uføret.

Med dei aller beste intensjonane for byutviklinga i Bergen, har nemleg lokalpolitikarane i byen laga ein nærmast ugjennomtrengeleg jungel av føringar, krav og føresegner, som utbyggarar, plankonsulentar og saksbehandlarar brukar år etter år på å køyra slalåm mellom.

Det verkelege bykseti saksbehandlingstid skjedde etter at den gjeldande arealplanen til kommunen vart innført i 2019.

Det var ein grundig gjennomarbeida plan, som vart laga med dei aller beste intensjonane, og som tok innover seg den utviklinga norske rikspolitikarar over tid har ønska:

Nemleg at byane må byggast tettare, klimapåverkinga må ned, og at ein må vekk frå bilbaserte løysingar som spreier ut byane.

Det Bergen må merka seg, er at andre byar har greidd dette med større hell. Skilnaden i Bergen er at ein har toppa det statlege styringsregimet med eigne rigide lokale styringssignal.

Resultatet er at arbeidsmengda som skal til for å få gjennom ein reguleringsplan har auka kraftig.

Eit juridisk dokument som skal avklara overordna prinsipp for utbygging, har vorte dokumentet der ein skal løysa alle verdsproblem.

Det er ikkje først og fremst seindrektige byråkratar som er grunnen til den lange saksbehandlinga i Bergen. Nei, faktisk er Bergen ganske konkurransedyktige samanlikna med andre storbyar om ein berre ser på den tida då dei kommunale byråkratane vurderer planane.

Den store tidstjuven er at utbyggarar og plankonsulentar vert dynga ned i heimelekse av kommunen. Dei må ta stilling til ei salig blanding av statlege og lokale føringar, som innimellom er motstridande, før dei kan levera ein ferdig plan.

Derfor er det heilt avgjerande at både partia som no styrer byen, men òg opposisjonen, greier å finna saman om forenklingar som kan gjera planarbeidet enklare.

At byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad har varsla at krava i i kommuneplanen skal endrast, er noko som bør få brei tilslutning.

Iveren etter detaljstyring må ned. Samtidig må ein verta einige om kva tid i prosessen ein skal sikra demokratisk kontroll og at ein greier å bygga meir berekraftig og med betre kvalitet.

Det bør ikkjevera så vanskeleg. Dagens tidsbruk er nemleg kontraproduktiv, og fører til lågare kvalitet på det som vert bygd, sjølv om intensjonen er det motsette.

Det har ei heilt logisk forklaring. For kvart ekstra år ein reguleringsprosess tar, jo lågare vert lønnsemda i prosjekta. Når det går for lang tid, vert gjerne kvalitetar redusert på eit seinare tidspunkt for å henta seg inn igjen.

Som at ein levande teglsteinsfasade vert erstatta med billegare og generiske fasadeplater.

Det kryr av taparar:

  • Den mest opplagde er folk som skal kjøpa bustad eller bedrifter som skal flytta inn i nye næringslokale. Den lange saksbehandlingstida er kostnadsdrivande.
  • Mindre aktørar i byggebransjen har for lengst kapitulert. Berre dei aller største har råd til å vera med på dei evigvarande prosessane.
  • Bergen som by er òg skadelidande. Kvifor i alle dagar skal ein utbyggar putta pengane sine i ein by som brukar nesten dobbel så lang tid som ein konkurrerande norsk storby?

Ein av suksessformlane som Bergen kan læra av Stavanger, er at eit tverrpolitisk miljø, i ein open prosess, vert involvert i dei store sakene på eit langt tidlegare enn i Bergen.

Politikarane i Stavangerer òg mindre opptatt av om det skal brukast liggande eller ståande panel, kor mange grader takvinkelen bør vera, eller om bygget skal ha smårutete vindu, eller ikkje.

Om politikarane kan løfta blikket og gje eit tydlegare signal tidlegare, vert det vanskelegare å komma med motstridande og overraskande innspel seinare. På sitt beste kan slike politiske føringar spara både utbyggarar og byråkratiet for arbeid.

Det viktigaste ein kan henta frå den ferske rapporten om tidsbruken i Bergen, er at prosessane er vanskelege og tidkrevjande nettopp fordi det faktisk er snakk om stadig vanskelegare og meir tidkrevjande prosessar.

Derfor bør arbeidet til forskarane på høgskulen tolkast som eit rop om hjelp til politikarane i Bergen.

Svaret frå politikarane bør vera å gje tidleg og tydeleg retning, men halda seg unna flisespikkeri, og hjelpa til med å rydda hindringar av vegen.

🏷️ Extracted Entities (8)

Bergen (entity) Stavanger (entity) Høgskulen (entity) Vestlandet (entity) Eivind Nævdal-Bolstad (organization) Oslo (place) Plan (entity) Snakk (entity)