Sløkkinga held fram utover kvelden: – Me har ikkje 100 prosent kontroll
Plus
Ved 19.30-tida brenn det framleis i skogen ved Nærøyfjorden.
SISTE: – Helikopteret vil halda fram sløkkinga fram til klokka 21 i kveld.
Det opplyser Tore Fanebust hjå 110 Vest like før klokka 19.30 torsdag. Han seier brannutviklinga går retning Gudvangen, men at det ikkje har spreidd seg særleg.
Dermed har sløkkinga pågått fleire timar.
- Tre personar har mindre brannskade. Dei har pusta inn litt røyk og skal møta ein lege på ferjekaien i Aurland og til legevakt for sjekk.
Det seier Knut Dahl- Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt torsdag ved 17.15-tida.
Alarmen gjekk då meldinga kom om at det hadde oppstått skogbrann ved veglause Krossnes, like ved der Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden møtest torsdag ettermiddag.
Skogbrann i Aurland, ein person frakta til lege
Helikoptersløkking
Brannvesen kom seg til staden med båt og starta sløkking. Ei turgruppe på 23 var då på staden. Det vart også kalla ut skogbrannhelikopter frå Voss for å hjelpa med sløkkinga.
– Dei driv og sløkkjer no. Det brenn framleis, men betydeleg mindre enn før. No brenn det ikkje ved fjorden, men lenger oppe i terrenget, fortel Reinhard Sørensen i Aurland brannvern ved 17.15-tida.
Då dreiv ikkje brannfolka aktivt med sløkkjearbeid fordi helikoptersløkkinga medfører rasfare i det bratte fjellsida.
Greier ikkje ta seg opp til brannen: – Må ha hjelp
Henta på Bakka
– Me har ikkje 100 prosent kontroll, men me håpar me snart får det, seier Sørensen ved 17.15-tida.
Dahl-Michelsen seier politiet har kontakt med gruppa på telefon og har ei meining om kva som starta brannen. Saka blir etterforska.
– Dei som ikkje skal til legesjekk vert henta på Bakka, seier han om gruppa.
🔗 Related Articles (2)
View Graph