Naboar meiner kommunen har selt tomta deira
Avtalen om sal av friareal til ein privat utbyggar forundrar eit heilt nabolag pÄ Kvernaland.
(JĂŠrbladet): Bustadfeltet Hagebyen II vart ikkje som tenkt, fortel Thomas Ask, tomteeigar i Bekkevegen sidan 1976.
Ein nabo protesterte mot Ä fÄ ein leikeplass kloss inntil hagen sin. DÄ vart leikeplassen flytta til andre enden av feltet, og tok der plassen til ei bustadtomt.
Denne meiner Thomas Ask at det er han og naboane som eig.
Etter at kommunen eksproprierte jorda til grunneigar Jakob FrÞyland, vart det vÄren 1976 inngÄtt avtale om tomtesal med ti kjÞparar.
Ask viser at kjÞpesummen for tomta utgjorde ein mindre del, 14.122 kroner, og peikar pÄ ein refusjon i neste avsnitt i kontrakten.
â Faktisk vart det betalt ein stĂžrre sum for friarealet, enn me gav for tomta. Det er ein vesentleg kostnad.
Naboane er samde
Ein privatperson pÄ FrÞyland har bede om innsyn hjÄ kommunen, og fÄtt tilsendt kjÞpskontraktar og skÞyte for Hagebyen II.
Innsynet, som er delt med JÊrbladet, viser at ti bustader sit pÄ tilnÊrma identiske dokument.
Kart med ID 527677
Time kommune er tidlegare gjort kjent med synspunktet til naboane i Bekkevegen.
I 2024 fekk Ask veta at kommunen vurderte Ă„ bygga bustader for unge personar med stort hjelpebehov pĂ„ tomta â eit sĂ„kalla foreldreinitiativ. DĂ„ skreiv Ask at han og naboane har kjĂžpt og betalt for friarealet.
Selt til utbyggar
Nyleg skreiv ein fjerde nabo, Simon Killingland Hana, eit detaljert brev til kommunen.
Der gjer han greie for dei historiske dokumenta, og spĂžr kvifor ikkje kommunen tok kontakt fĂžr friarealet i oktober 2025 vart selt til ein privat utbyggar:
«Dette kom overraskende pÄ flere av oss i nabolaget, og vi Þnsker derfor en nÊrmere avklaring av eierskapet til dette arealet fÞr prosjektet eventuelt gÄr videre.»
SpĂžr kommunalsjefen
â Det skal bli lĂžye Ă„ hĂžyra kva kommunen svarer pĂ„ spĂžrsmĂ„la. Kvifor har dei inngĂ„tt ein avtale der, utan Ă„ informera oss naboar? Kvifor har dei selt tomta til ein rimeleg pris? seier Thomas Ask onsdag.
FĂžr torsdagens mĂžte i utval for lokal utvikling har SV-politikar Ăystein Nereng, som er busett pĂ„ Kvernaland, stilt fleire spĂžrsmĂ„l om salet til JĂŠrbygg Prosjekt AS.
Eitt av spÞrsmÄla er:
â Om lag halvparten av tomta tilhĂžyrer bnr 387. Arealet blei i 1976 ekspropriert, og seld som fellesareal til tomtekjĂžparane i Bekkevegen. Det ser for underteikna ut som om kommunen sel areal dei ikkje eig. Kan kommunalsjefen redegjĂžre hva som er faktisk situasjon for tomta?
Snur bevisbyrda
Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, signerte pÄ vegner av kommunen.
Torsdag svarte han pÄ spÞrsmÄla frÄ SV-representanten.
â Time kommune er registrert som tinglyst eigar av eigedommen i grunnboka. Det er dette som er den offisielle kjelda ein mĂ„ ta utgangspunkt i spĂžrsmĂ„l om kven som er heimelshavar til fast eigedom. Det er ikkje Time kommune som har bevisbyrda pĂ„ seg.
Les flere boligsaker hos Nettavisen Heim.
Refusjonen som naboane peikar pÄ som grunnlag for at dei er faktiske eigarane, forklarer kommunalsjefen som tilbakebetaling av utgifter kommunen hadde ved opparbeiding av infrastrukturen til bustadfeltet.
â Det var ikkje ei eigedomsoverdraging av desse areala, meiner han.
Finst ein mÄte Ä fÄ svar
Bjorland Dahl sa at spÞrsmÄlet om eigarskap var blitt undersÞkt av kommuneadvokaten i samband med foreldreinitiativet i 2024.
DĂ„ kommunalsjefen igjen viste til grunnboka, fĂžlgde Nereng opp med Ă„ spĂžrja om ikkje det hadde vore naturleg Ă„ fĂžrebu grunnen betre for salet, all den tid kommunen visste at naboane meiner at dei eig er eigarane av friarealet.
â Eg kan forstĂ„ spĂžrsmĂ„let. Samstundes er det sĂ„nn i Norge at det er grunnboka som regulerer om du eig huset ditt. Viss eg kjem med eit dokument frĂ„ syttitalet, og seier at eg eig det, sĂ„ har eg bevisbyrda. Det er ikkje du som mĂ„ forsvara kvifor du eig det, og det same gjeld for kommunen.
Naboane har ein mekanisme dersom dei Þnsker Ä fÄ avklart saka éin gong for alle, sa Bjorland Dahl.
â Det er eventuelt Ă„ ta det vidare til jordskifteretten, for Ă„ fĂ„ eit svar, og det er ingen som har gjort i desse Ă„ra. At kommunen har lagt grunnboka til grunn, har vore kjent i alle fall sidan foreldreinitiativet i 2024.