Lokale musikantar til topps: – Salen var rørt til tårer
Plus
To unge musikantar frå Kvinnherad var med og sikra gullet i European Brass Band Championships 2026.
Hordaland ungdomsbrassband (HUBB) er eit regionkorps og samlingsplass for unge i alderen 13 til 20 år som vil litt meir enn det tilbodet dei får i skulekorpsa sine.
To av dei er frå Kvinnherad, Frida Seim Steffensen (19) frå Dimmelsvik og Ebba Hermann–Fossli (17) frå Uskedalen.
Tubaist Frida har siste sesongen i HUBB no, og var europavinnar i fjor òg. Kornettist Ebba deltok for første gong.
– Dette er min første sesong, og det er utruleg kjekt og sosialt å vera med. Veldig stort og veldig stas å vinna EM, seier kornettisten som òg spelar i Uskedal skulemusikk og Rosendal musikklag.
Ho fortel at å vera med i HUBB gjer at ein får nye musikalske utfordringar. Korpset held høgt nivå, med mange flinke utøvarar og mykje å bryna seg på. Spesielt var pliktnummeret under EM vanskeleg og teknisk krevande, synest Ebba. Det gjekk likevel bra.
– Det er viktig å delta, men veldig gøy å vinna òg! seier korpsaren og anbefaler andre ungdommar å søka om opptak i Hubb.
For Frida sin del var det ekstra spennande i år, og veldig gøy å vinna. HUBB klarte å forsvara tittelen sjølv om dei hadde mange nye musikantar, og konkurrerte med andre korps enn i fjor då tevlinga var i Stavanger.
Frida har vore med i HUBB sidan 2021 og synest det er trist når ho no skal slutta.
– Det har vore veldig kjekt og lærerikt, seier ho.
– Du har kanskje andre musikalske utfordringar på gang likevel?
– Ja, no skal me snart ha eksamenskonsert, seier Frida som er elev ved musikklina ved Voss gymnas.
Då spelar ho òg tuba, slik ho har gjort sidan ho i si tid starta i Rosendal skulekorps.
Opplevingar for livet
Korpset møtest fire helgar i året. Dei var kvalifiserte til EM i Linz i Austerrike søndag 26. april, der dei fekk spela i konserthuset Brucknerhaus.
Styreleiar i HUBB, Vidar Nordli, fortel at korpset tel 34 musikantar, men reisefølget denne langhelga frå torsdag til måndag kveld var på heile 54 personar. Det inkluderte dirigent, tre reiseleiarar og ein del foreldre som var med som publikum for å støtta opp om korpset.
Pliktnummeret heitte «Burn the Church», skrive av den austerrikske komponisten Otto M. Schwarz i høve konkurransen.
– I tillegg valde me to stykke sjølve. Det eine var ein roleg song som heiter «A Little Prayer». Det var det med marimbasolo kombinert med synging frå dei andre musikantane. Det vart veldig stemningsfullt, og salen var rørt til tårer. Me klarte å vekka kjensler hos fleire der. Til slutt spelte me «Children of Sanchez», som er meir rytmisk svingande musikk med ein solist på flygelhorn, fortel Nordli som sjølv er trombonist i Harmonien.
Dirigent for HUBB er Reid Gilje, og han er den faste dirigenten til Eikanger-Bjørsvik musikklag. Ei samarbeidsavtale gjer at HUBB får tilgang på dirigentane deira, og støtte med kunstnarleg kompetanse i form av instruktørar.
– Me la opp turen slik at ungdommane fekk tid til å øva, men òg høyra på konkurransen til dei beste korpsa, så det fungerte òg som ei studiereise, fortel Nordli.
– Korleis vert dette finansiert? Er det med offentleg støtte?
– Me får lite offentleg støtte, og turen hadde ikkje vore mogleg å få til om me ikkje hadde fått midlar frå GC Rieber Fondene. I tillegg får me støtte frå Norges Musikkorps Forbund, Eikanger-Bjørsvik og Lerøy. Det totale budsjettet for turen var på kring 700.000 kroner, seier styreleiaren.
Han meiner satsing på unge musikarar er vel verdt både pengane og arbeidet som må til.
– Dette gjev opplevingar for livet, og for nokre av ungdommane vil dette kanskje vera den einaste gongen dei nokosinne får delta i eit europameisterskap, seier han.
Ein siger i EM er eit utstillingsvindauge. I år er det tolv medlemmar som går ut på grunn av alder.
– Men me har gjennomført prøvespel og har fått fleire søknader enn me nokosinne har hatt før, så tilbodet er populært, seier han.
Poenget med eit fylkeskorps er å gje unge i distrikta liknande tilbod som ungdom i nærleiken av byar får.
– Me er veldig glade for å få med musikantar som kjem frå stader litt lenger unna storbyen, der tilboda er færre. Geografisk spenner korpset frå Uskedalen til Masfjorden, som er vel så langt Hordaland går i begge retningar, seier han om deltakarane frå Uskedalen.
No er opningsdagen sett: – Det blir plug and play!