Herold

Caroline og Harald går inn i sin åttande sesong på Hotel Sundal

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-04-30 20:00:00
Caroline og Harald går inn i sin åttande sesong på Hotel Sundal

Ei ulukke kjem sjeldan aleine. Det har hotelleigarane i Sundal fått erfara – tett på opninga for sesongen. Men Caroline og Harald er ved godt mot og har også positive nyhende å dela.

Det ærverdige hotellet frå 1889, i hjartet av bygda Sundal, osar av sjarm. Også når mykje står på hovudet i siste innspurt før sesongopninga. 1. mai står årets første gjester på trappa, og dagane i forkant er særdeles hektiske for det unge paret som i 2018 flytta frå by til bygd for å satsa alt på ei næring ingen av dei hadde erfaring med frå før.

Sju sesongar seinare har Caroline Steine og Harald Andreassen erverva seg mykje kunnskap og kompetanse om både restaurant- og hotelldrift. Men ei lita bedrift er sårbar for uventa hendingar, og det har Hotel Sundal-duoen fått erfara denne våren.

– Det har vore meir armar og bein enn tenkt, fortel Caroline.

Ein skitur på Sunnmøre i midten av mars enda med lufttransport til sjukehuset i Trondheim. Harald var uheldig og fall i ei steinrøys.

– Eg landa på nokre steinar, fall framover og knekte nakken. Ein blir litt sett ut når slikt skjer, fortel Harald, som seks veker seinare framleis må bruka nakkekrage.

– Det var jo ikkje akkurat planlagt, og viser sårbarheita når ein berre er to om drifta, seier Caroline.

Røyr tok kvelden

Til alt hell vil Harald truleg ikkje få varige mein av skaden, men som småbarnspappa midt i oppløpet for ny hotellsesong kunne det ikkje ha passa dårlegare å få beskjed om å ta det roleg.

For trass i at paret ikkje hadde planar om nokre større restaureringsprosjekt på bygget denne vinteren, er det alltid noko snikring og fiksing som må gjerast.

På toppen av det heile måtte dei grava opp delar av hagen rett før opning for å oppgradera nokre gamle røyr.

– Det er slikt som skjer. Men vi kjem i mål! seier Caroline med eit optimistisk smil.

Nye rom

Innimellom telefonane som renn inn frå blant anna gjester som vil booka rom for sesongen, fortel Caroline og Harald om kva som er nytt av året.

Blant anna har hotellet auka kapasiteten sin med to nye rom. Desse er dei største av dei no elleve romma på hotellet, og begge har eigne bad.

– Kjellaren var fylt med vatn då vi kjøpte hotellet i 2018, og vi har spadd ut massar for hand, fortel Caroline om den heftige forvandlinga frå ein mørk og kaotisk kjellar til eit hotellrom med badekar, peis og lun atmosfære.

Det er ikkje noko mindre sjarmerande, det andre nye rommet. Harald har stått for utskjeringa av veggen som deler senga frå stova, og gardinene er kjøpte på ein bruktmarknad i Frankrike.

– Dei har hange ein annan stad på hotellet før, men vi fann ut at dei passa endå betre her, smiler Caroline.

– Eit anerkjennande nikk

Den argentinske kokken som jobba der i fjor skal også i år setta preg på den kortreiste og berekraftige menyen i restauranten som i 2025 blei heidra med to gaflar i Falstaff-guiden.

Ei utmerking Caroline og Harald ser som ei anerkjenning av konseptet deira, og alt arbeidet som ligg bak.

– Dei gaflane går til både bøndene, birøktaren, kokkane... Eigentleg alle her. Utmerkinga handlar jo ikkje berre om maten, men om den heilskaplege opplevinga av å eta her. Service og stemning, seier Harald.

– Det er ikkje slik at vi jaktar slike prisar, men det er kjekt å få eit anerkjennande nikk frå bransjen. Det gjer oss ekstra stolte av alle som er involverte i prosjektet vårt.

Utvidar menyen

Når vi først er inne på matopplevinga ved Hotel Sundal, som i stor grad er sentert rundt lokale råvarer, kan Caroline og Harald fortelja at dei vurderer å utvida konseptet.

– Vi har lyst til også å tilby à la carte-lunsj, noko som vil bidra til at fleire får høve til å besøka restauranten, seier Caroline, og viser til at restauranten per i dag berre tar 30 gjester per kveld.

Også når det gjeld drikke vil hotellet få seg eit løft. Caroline og Harald har nemleg tilsett ein nederlender som arbeidde som «drink master» på Iris før Salmon Eye stengde dørene til den flytande Michelin-restauranten. På Hotel Sundal skal han vera ansvarleg for drikka på huset, i tillegg til å vera ein del av vertskapen.

– Han er veldig god med både drinkar og gjester. Med han på laget, legg vi inn eit ekstra gir på det vi tilbyr av alkoholfri og alkoholhaldig drikke, fortel paret.

– Vi har alltid drikkemeny til maten, og no blir denne pakka endå meir spennande, håpar vi.

Heimelaga øl og te

Den nytilsette bartendaren kjem til å bruka ville vekstar, frukt og bær til å laga sine eigne «infusions» – altså essensar som skal smakssette brennevinet eller den alkoholfrie drikka. Og sjølvsagt vil han ta i bruk lokale råvarer.

Det same skal Caroline og Harald gjera når dei snart går i gang med å laga «husets te».

– Vi skal laga og servera vår eigen te. Den kjem til å innehalda blant anna mjødurt, kløver og nesle, røper Caroline.

Noko anna dei ønsker å servera er eigentilverka øl. Skjenkeløyvet for det er på plass, men helsa kjem først.

– Ølbrygginga er endå ein ting som bremsa opp i nakkebrotet. Men vi er vande med at vi ikkje alltid får gjort alt vi har lyst til å gjera. Ølbrygginga har ikkje førsteprioritet, men det kjem til å skje, og vi ønsker å prøva oss på dyrking av vårt eige bygg og våre eigne humlar, fortel Harald.

Ein livsstil

Trass i ein litt humpete veg mot den åttande sesongen, er Caroline og Harald ved godt mot. Som Harald seier er paret blitt vande med å takla overraskingar undervegs i det evigvarande prosjektet dei har via liva sine til. Dei visste jo også at det ikkje ville vera enkelt å gå frå trygge ingeniørjobbar til drift av eit snart 140 år gamalt gjestgiveri.

Hotellet er berre ope frå mai til oktober, men Caroline og Harald jobbar fulltid, året rundt. Arbeidet har blitt ein livsstil.

Fram til i fjor budde dei på hotellet. I dag held den vesle familien på tre til i ein einebustad på andre sida av vegen. Frå vindauget kan dei sjå bort på hotellet, som då står fram som «bitte lite», ifølge Caroline.

– Eg tar meg sjølv i å tenka «korleis er det mogleg å bruka så mange timar inne i det vesle bygget?».

– Har de nokon gong vore i tvil på om de skal halda fram med prosjektet?

– Det er klart at det har vore nokre tøffe periodar. Ein har alltid ein deadline – «no kjem gjestene». Så skjer det noko uventa, som no: Vi skal straks opna, vi må berre grava opp hagen først! ler Caroline.

– Men ein har godt av å ikkje vita kva ein går til alltid!

🏷️ Extracted Entities (10)

Harald Andreassen (person) Hotel Sundal (organization) Caroline Steine (person) Falstaff (entity) Frankrike (entity) Iris (entity) Michelin (entity) Salmon Eye (person) Sunnmøre (entity) Trondheim (place)