1. mai er ikkje ein fridag, det er ein kampdag!
Plus
Difor er forslaget om å fjerne 1. mai historielaust.
Når Kristeleg Folkepartis Ungdom foreslår å fjerne 1. mai som raud dag, kan det ved første augekast verke litt morosamt. Men forslaget er langt frå uskyldig. Det rører ved sjølve grunnmuren i arbeidslivet vårt.
- mai er ikkje berre ein dato i kalenderen. Det er den internasjonale arbeidarrørsla sin kampdag, ei påminning om at rettar som feriedagar, regulert arbeidstid, sjukeløn, pensjon frå første krone, tariffavtalar og tryggleik på jobb ikkje kom av seg sjølve. Dei vart kjempa fram, ofte under harde og krevjande vilkår.
Under Solberg‑regjeringa opna Høgre og Framstegspartiet for meir midlertidige tilsetjingar, meir innleige frå bemanningsbyrå og svekt vern i arbeidsmiljølova. Forsvaret av fast jobb som hovudregel måtte då kjempast fram av fagrørsla og venstresida. Det var ikkje «modernisering» det var ei forskyving av makt frå arbeidstakar til arbeidsgivar.
Når KrFU seier vi bør «tenkje nytt» om fridagane fordi samfunnet har endra seg, overser dei nettopp dette: at rettane våre byggjer på historisk kamp og kollektiv styrke. Samstundes vel Framstegspartiet å arrangere lokale motmarkeringar og til og med leggje landsmøtet sitt til 1. mai. Det er vanskeleg å sjå det som noko anna enn manglande solidaritet med arbeidsfolk og fagrørsla.
Om 1. mai ikkje lenger var ein raud dag, kven ville då hatt reell moglegheit til å delta i tog og markeringar? Kven får heve stemma si? Kven kan ta fri frå jobb? Dette handlar ikkje om symbol. Det handlar om makt.
Presset mot arbeidstakarrettar aukar. Internasjonalt blir fagforeiningar svekte, og også i Noreg ser vi arbeidsgjevarar presse tilsette mot å organisere seg. Mange arbeidstakarar møter sterke juridiske apparat og profesjonelle HR‑miljø åleine, medan ordningar som sjukeløn jamleg blir utfordra.
Eit organisert arbeidsliv med sterke fagforeiningar er ein føresetnad for små skilnader og høg tillit i samfunnet. Det er ikkje tilfeldig at Noreg er blant landa med minst ulikskap. Samstundes er kampen langt frå over. Vi har framleis ikkje likeløn, mange i service, handel og frilansarbeid tener for lite til å leve trygt, og delingsøkonomien pressar etablerte rettar.
Difor er forslaget om å fjerne 1. mai historielaust. Det er ikkje å tenkje nytt, det er å svekkje ein av dei viktigaste dagane vi har for solidaritet, mobilisering og fellesskap.
Det som er kjempa fram, kan mistast igjen. Difor må vi verne om 1. mai som det hen er: Ein internasjonal kampdag for eit rettferdig arbeidsliv.
Organiser deg. Gå i tog. Det handlar om deg, og din tryggleik i arbeidslivet.