Herold

Asle (31) og Kai Arne (46) vart «Årets beste»: – Ikkje forventa

Plus
Kilde: Hordaland Author: Solgunn Flatebø Mandelid Published: 2026-04-30 22:05:00
Asle (31) og Kai Arne (46) vart «Årets beste»: – Ikkje forventa

Voss Byggsenter har grunn til å feira etter at to av deira tilsette, Kai Arne Hårklau og Asle Rykke, vart tildelt gjæve prisar for jobben dei gjer.

Det var under Blink Hus sin årskonferanse i Ålesund at vossingane stakk av med kvar sin pris.

Asle Rykke (31) vart heidra som «Årets beste tømrar».

Rykke var ikkje til stades under prisutdelinga i Ålesund, men vart ringt på FaceTime og fekk den uventa nyheita.

– Det er no stas! Eg hadde ikkje forventa det, det kom litt ut av det blå, fortel han.

Fint å bli sett

Sjølv om han er glad for prisen, innrømmer han at han ikkje likar merksemda som fylgjer med.

Prisen har likevel stor betydning for Rykke, særleg etter eit tøft år.

– Det å bli sett når ein slit litt, det har litt å seia ja, seier han, og krediterer kontoret for den gode teksten som vart skriven om han.

Rykke starta som lærling i Voss Byggsenter som 17-åring i 2012, delvis fordi han var skulelei og fordi faren òg var tømrar.

Han blir verande i yrket på grunn av variasjonen, sjølv om det er tungt arbeid.

– Nett no står eg på eit tak som me skal riva og byggja opp igjen. Det er knallsol, 15 grader og heilt fantastisk. Då kan ein ikkje be om noko betre, seier han.

Grunngjevingane

«Årets seljar» for andre gong

Kai Arne Hårklau (46) er ingen nykomar på vinnarlista.

Han fekk prisen som «Årets beste seljar» for to år sidan òg.

– Det er jo sjølvsagt veldig kjekt med ei slik anerkjenning, men også litt uverkeleg fordi eg ikkje var førebudd på at det skulle skje, seier Hårklau.

Han legg til at Blink Hus er ei stor kjede, og at det er mange dyktige seljarar.

For han er prisen ein peikepinn på at dei gjer noko riktig.

– Det gjev motivasjon til å bli betre og stadig jobba mot nye mål.

Fokus på utvikling og samarbeid

Hårklau som har jobba fire år i Voss byggsenter, etter ei karriere som distriktssjef i Kärcher, understrekar viktigheita av godt samarbeid med både kundar og kollegaer.

– Det er ikkje berre mi forteneste at me vinn ein slik pris. Me er ein veldig fin gjeng her som jobbar i lag og det gjev resultat, seier han om teamet på Voss Byggsenter.

– Suksessen i arbeidet ligg i den harde jobben med struktur, god intern fordeling og samarbeid. Samstundes er me opptatt av å heile tida bli betre og utvikla oss.

– Kan ikkje anna enn å vera glade i dei

Dagleg leiar Ståle Rørlien i Voss Byggsenter strålar av stoltheit når han snakkar om sine to prisvinnarar.

– Me er kjempestolte! Det er fantastisk for oss som bedrift å få både årets tømrar og seljar i Blink Hus Noreg, som er hovudkjeda vår.

Rørlien fortel at han har vore sjefen til Rykke i alle år, og skildrar korleis han heile tida veks med oppgåvene.

– På tømrarsida konkurrerer me mot tusenvis av tømrarar. Asle har verkeleg gått i gradene sidan han byrja her som lærling i 2012. Han er veldig pliktoppfyllande og sosialt flink, så han har mange gode eigenskapar.

Rørlien rosar også Hårklau sin prestasjon.

– Kai Arne er veldig dedikert og gjer verkeleg ein god jobb her på kontoret med salsarbeidet. Han byrja hjå oss i 2022, og har hovudansvaret for alt av salsarbeid i Voss Byggsenter. Han er ein veldig hyggjeleg kollega og ein dyktig seljar.

Kjededirektør Vidar Gammelli i Blink Hus understrekar at prisane er ei anerkjenning av enkeltpersonar og samarbeidspartnarar som har utmerka seg gjennom ekstraordinær innsats, høg kvalitet og sterke resultat.

– Kriteria byggjer på samarbeid, gjennomføringsevne, kvalitet, kundetilfredsheit og dokumenterte resultat.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (11)

Kai Arne Hårklau (person) Voss Byggsenter (person) Asle Rykke (person) Blink Hus Noreg (person) Årets beste (entity) Ålesund (place) FaceTime (entity) Kjededirektør Vidar Gammelli (person) Kärcher (entity) Ståle Rørlien (person) Årets seljar (entity)