Brann i køyretøy i Hyllestad
Plus
Politi og brannvesen er på veg til bilbrann ved Rysjedalsvika ferjekai i Hyllestad.
– Det er meldt om full fyr i ein personbil, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Det skal ikkje vere fare for spreiing og det er ikkje meldt om skadde.
Både brannvesen og politiet er på veg.
Ferjemannskap har lagt fram brannslange og hjelper til med sløkkinga.
Klokka 16.41 melder 110 Vest at ferjemannskapet har klart å sløkke brannen.
Politiet var ferdig på staden 18.21. Brannen starta i motorrommet, men årsaka er ukjend.
Dei opprettar sak.
🏷️ Extracted Entities (4)
Hyllestad
(place)
Vest
(entity)
Knut Dahl-Michelsen
(organization)
Rysjedalsvika
(entity)