Reinsdyrpåkøyrsla på Utvikfjellet: – Saka er lagt bort
Plus
I palmehelga blei fem simler i villreinflokken på Utvikfjellet påkøyrde. No har politiet lagt bort saka.
– Han som var uheldig har gjort det han er pålagd å gjere, han varsla og gjorde det han kunne. Det er ingenting som tyder på at det har skjedd noko straffbart, seier Nils Ove Roset, politistasjonsleiar i Gloppen.
Laurdag kveld 28. mars blei fem reinsdyr påkøyrde. Alle desse var simler.
Påkøyrsla fann stad på fv. 60 over Utvikfjellet. Det er eit område der ein reinsdyrflokk ferdast i, og tidvis langs vegen.
Mannen i 50-åra som var uheldig og køyrde på reinsdyra forklarte at dei kom springande inn i vegbana frå høgre.
Sjåføren som køyrde på reinsdyra har meldt seg
Reinsdyrpåkøyrsla på Utvikfjellet: – Vi må sjølvsagt etterforske dette
🏷️ Extracted Entities (3)
Utvikfjellet
(entity)
Gloppen
(entity)
Nils Ove Roset
(person)