Mikkel (18) er klar for revansj i handbak-EM: – Trur eg kan gjera det mykje betre
Plus
Mikkel Martell Odden frå Sokndal gjer seg klar til å representera Noreg i EM i handbak.
Meisterskapen finn stad i Ungarn 12. og 13. mai. Mikkel Martell Odden, som fyller 18 år i år, stiller i junior 18-klassen for utøvarar opp til 18 år, i minus 70 kilo. Han ser fram til konkurransen med optimisme og revansjelyst.
– Det blir veldig kjekt, seier Mikkel, som veit kva som ventar han. Han stilte i den same meisterskapen i fjor og veit at nivået er høgt.
Satsar på revansj
Fjorårets EM blei derimot ikkje som han hadde håpa.
– I fjor fekk eg ei blanding av kraftig halsbetennelse og kyssesjuka, fortel han.
Sjukdommen gjorde at han gjekk ned fem-seks kilo på ei veke og var heilt tappa for energi før konkurransen.
– Eg fekk ikkje ete dagane før eg skulle konkurrera, og det øydela veldig mykje for meg, forklarer han.
I år er situasjonen ein annan.
– Nå er eg eldst i klassen og trur eg kan gjera det mykje betre, seier han bestemt.
Disiplin
For å bli god i handbak er det eigentleg bare mykje trening som skal til, ifølgje Mikkel. I tillegg trekkjer han fram at det er viktig å ha erfarne folk rundt seg.
– Det hjelper å ha mange folk rundt seg som har halde på med dette lenge, og som kan læra deg forskjellige teknikkar og forskjellige måtar å trena på, seier han.
Den største styrken hans er disiplinen, slik han vurderer det.
– Viss eg taper ein kamp, får eg sinnssjukt mykje motivasjon og disiplin til å fortsetja med å trena hardt og nå målet mitt om å slå denne personen. For eg er ikkje så veldig glad i å tape, understrekar han.
For å førebu seg til EM har Mikkel trent hardt heilt sidan meisterskapen i fjor. Oppladinga til store konkurransar er nøye planlagd. Før nasjonale konkurransar tar han ei vekes pause frå treninga før han skal til pers. Men når det gjeld internasjonale meisterskap som EM, tar han to vekers pause på førehand.
– For å vera sikker på at eg er klar, forklarer han.
Sterkt miljø
Mikkel bur til vanleg på hybel på Sola. Han går på Sola vidaregåande skule, der han tar dronefag.
Kvar helg kjem han heim til Sokndal. Sjølv om han ikkje rekk dei faste handbaktreningane på torsdagane i lokalet til Heroes of Haua, finn han andre måtar å trena på.
– Det blir ein del trening på treningssenteret til Sokndal Atletklubb, seier han.
Før han reiser tilbake til hybelen på Sola sundag kveld, pleier han å leggja turen innom Jæren Håndbak på Nærbø og få seg ei god økt der.
Han trekkjer fram Heroes of Haua som sentrale pådrivarar for det gode handbakmiljøet i Sokndal.
– Me har det veldig kjekt, og det er veldig fine folk der. Mange av dei har halde på lenge og lært meg veldig mykje, fortel Mikkel om miljøet i Sokndal Armbrydarlag.
Frå lokal konkurranse til NM
Mikkel oppdaga talentet sitt for handbak i desember 2022. Då blei han invitert til ein lokal konkurranse i regi av Heroes of Haua. Han hadde trent litt styrke og gjort handbak på skulen og bestemte seg for å bli med.
– Eg gjorde det veldig bra og tenkte «kvifor ikkje», fortel han om bakgrunnen for at han valde å satsa på sporten.
Det store gjennombrotet kom i NM i 2023. Etter å ha trent i bare eit halvt år, vann han meisterskapen.
– Då tenkte eg «dette er noko for meg», smiler han.
Ble norgesmester for andre gang
Mikkel (17) fra Haua i verdenscup: – Min største prestasjon