Vil redde klassar på Austrheim og Knarvik: – Dette er heilt fantastisk
Plus
Samarbeidspartia i fylkestinget ønsker å redde studiespesialiserande VG1 ved Austrheim vgs og vil framleis ha tre klassar på VG2 ved Knarvik vgs.
– Dette er heilt fantastisk.
Det seier ein letta elevrådsleiar ved Knarvik vidaregåande skule, Isabela Brendehaug, etter gladnyheita som kom onsdag ettermiddag.
Samarbeidspartia i fylkestinget (Ap, Sp, SV, KrF og V) har høyrd på elevar, tillitsvalde, lærarar, politikarar og næringslivet i Nordhordland:
Dei vil redde VG1 studiespesialiserande ved Austrheim vidaregåande skule. Samstundes opprettheld dei tre klassar i studiespesialiserande på VG2 ved Knarvik vidaregåande skule.
Det kjem fram i ei pressemelding frå fleirtalspartia onsdag ettermiddag.
Sette ned «krigsråd» etter sjokkmeldinga. Her legg dei motstandsplanen
Skapt stor diskusjon
Sakene om klassekutt har skapt stor ståhei den siste tida.
Det var for kring to veker sidan det blei kjent at fylket innstilte på å kutte klassane ved Austrheim og Knarvik.
Torsdag blir saka avgjort i hovudutvalet for opplæring og kompetanse. Då skal politikarane ta stilling til korleis opplæringstilbodet skal sjå ut i fylket kommande haust.
Allereie onsdag er det altså klart at fleirtalspartia ikkje vil følge innstillinga til fylkesdirektøren.
– For oss i KrF har det vore viktig å ikkje fjerne for mykje av det studiespesialiserande tilbodet i regionen. Å fjerne tilbodet på Austrheim ville ha ført til at fleire 16-åringar hadde mista nærskulen sin og blitt tvinga på hybel, skriv nestleiar i hovudutvalet, Jon Olav Økland (KrF), i pressemeldinga frå fleirtalspartia.
– Ved å oppretthalde tilbodet ønsker vi å skjerme familiane for denne byrda, og samstundes gi ungdom i heile Nordhordland ein reell valfridom i eigen region.
Ikkje berre nøgd
Ved Knarvik vidaregåande er elevrådsleiar Brendehaug glad for at elevar ved VG1 slepp å kjempe mot kvarandre om ein plass på VG2.
Det var det som skjedde i fjor då fylket bestemte at VG2 for skuleåret 2025/26 berre skulle ha to klassar. At elevane ved skulen slepp ein kamp som det igjen, meiner Brendehaug er bra.
– Det er nok mange elevar ved skulen som er letta no.
Samstundes er elevrådsleiaren bekymra for ein ting. I pressemeldinga si nemner fleirtalspartia ingenting om å utvide kommande års VG3 frå to til tre klassar.
Det sjølv om det er fleire primærsøkarar til linja enn det er plass til. Mange som måtte byte skule etter fjorårets klassekutt har gitt uttrykk for at dei ønsker seg tilbake til skulen.
Slik det ser ut no, kan det bli vanskeleg for dei å vende tilbake.
– Korleis vi skal løyse utfordringa som dei er blitt sette i, er noko vi framleis må jobbe med, slår Brendehaug fast.
Alvorleg stemning på rektorkontoret: – Dette kan få store konsekvensar
Dominoeffekt av klassekutt: – Det blir ei helg med mange tårer og tankar