Full stopp gjennom Knarvik
Plus
Dette var grunnen.
Onsdag ettermiddag blei det full stopp i trafikken på E39 gjennom Knarvik. Dei første meldingane om problema kom like før klokka 16.
I retning sørover nærmast stod trafikken heilt. Grunnen til korken var denne:
Eit køyretøy hadde fått full stans i venstre køyrefelt ved rundkøyringa ved Hagelsundbrua.
Det er uvisst kva problemet var, men då NH var på plass på staden like før klokka 16.30 blei dei jobba iherdig med motoren på køyretøyet.
Trafikken gjekk på staden, men berre det høgre køyrefeltet i sørgåande retning var tilgjengeleg.
Kring klokka 17.15 gjekk trafikken igjen gjennom Knarvik som vanleg.
🏷️ Extracted Entities (3)
Knarvik
(place)
E39
(entity)
Hagelsundbrua
(entity)